Konghelle, som på svensk vert kalla Kungahälla, var i mellomalderen ein norsk by heilt sør i Båhuslen (svensk Bohuslän), som då var norsk land, men som vart innlemma i Sverige i 1658 som fylgje av fredsavtala i Roskilde. Byen låg på fastlandssida attmed den elva som no heiter Nordre älv, men som før 1700-talet vart omtalt som Kongälv, Göta älv eller eller rett og slett Älven, altså 'Elva', og som skil øya Hisingen frå fastlandet i nord.

På dette jordbruksområdet på fastlandssida av Nordre älv litt nord for Gøteborg låg byen Konghelle i mellomalderen.
Grenseområdet mellom Noreg, Sverige og Danmark fram til 1658. Konghelle er markert med talet 5, festninga på Ragnhildsholmen (no ein ruin) med talet 6, den noverande byen Kungälv med talet 8 og Båhus festning (no ein ruin) med talet 9.

Det er i dag ikkje noko att av den opphavlege byen Konghelle, som altså har vore ein grenseby med ei viktig strategisk plassering, men som trass i dette ikkje har sett tydelege merke etter seg i landskapet. Etter at Konghelle brann ned i 1612, utvikla Kungälv seg til å verte Konghelles etterfølgjar. Ein meiner likevel å ha lokalisert staden Konghelle låg på, ved at det under arkeologiske granskingar i eit åkerlandskap om lag tre kilometer nedstraums for den noverande byen Kungälv kom for dagen stolpehol og andre spor og leivningar i undergrunnen under matjordlaget etter trebygningar og ymse menneskeleg aktivitet. Dei eldste arkeologiske funna er tidfesta til 1100-talet, men det har truleg vore busetnad her tidlegare, og det kan ha vore ein kongsgard her på 900-talet. På eit seinare tidspunkt vart det bygd eit kloster i nærleiken av byen, Kastelle kloster, og det er på jorda til dette klosteret byen har lege. Festninga Ragnhildsholmen vart òg bygd på søndre breidda av Nordre älv i nærleiken av Konghelle.

Soga om byen endre

Trass i dei arkeologiske funna, er dei viktigaste kjeldene til kunnskap om mellomalderbyen Konghelle framleis ymse mellomalderskrifter. Konghelle vart tidleg eit kongeleg maktsentrum og ein viktig handelsstad, slik Snorre Sturlason gjer det klart ved at han i sagaen opplyser at kong Sigurd Jorsalfare slo seg ned her og bygde forsvarsverk i form av ein borg med vollgraver, og ei kyrkje som han utstyrte med ei flis av Kristi eigen kross som han hadde fått med seg heim frå si pilegrimsferd. Men ifylgje Snorre vart byen herja av heidne vendarar i 1135, borga brent ned og skrinet med flisa frå krossen teke av dei vantruande. Snorre seier at byen ikkje kom seg på fote att etter dette, og at byen Bergen tok over som den dominerande byen i Noreg. Men i engelske kjelder frå om lag same tid vart Konghelle omtalt som ein norsk by. Det er ikkje heilt på det reine kvar i Konghelle dei festningsverka og den kyrkja som Snorre taler om har vore plasserte.

Frå midt på 1200-talet fekk Konghelle ei enno viktigare rolle som Noregs sørlegaste by ved at kong Håkon 4. Håkonsson bygde borgean på Ragnhildsholmen med ein ringmur ikring for å stå imot åtak på byen. Borga kontrollerte effektivt Nordre älv, som på denne tida berre vart kalla Elva. Under kong Håkon 4. vart det bygd eit fransiskanarkloster, og klosteret Kastelle, som var eit augustinarkloster frå 1100-talet, vart bygd om. Kong Håkon 5. Magnusson bygde mot slutten av dette hundreåret den solide Båhus festning (Bohus fästning) som fylgje av den meir aggressive utanrikspolitikken han førte mot landa i aust og sør, og for å skaffe seg ein konkurrerande festning til borga på Ragnhildsholmen, som den svenske hertugen Erik Magnusson av Södermanland hadde makta over. Håkon 5. Magnusson kunne med dette kontrollere både Nordre älv og elva Göta älv, som var grenseelv for Noreg. Men utbygginga av denne festninga hadde òg som fylgje at Konghelle etter kvart vart ein mindre viktig by, og difor vart flytta nærare denne festninga etter brannen i 1612, og der utvikla seg til byen Kungälv.

Sjå òg endre

Litteratur endre

  • Andersson, Hans, Kristina Carlsson & Maria Vretemark (redaktørar). 2002. Kungahälla : problem och forskning kring stadens äldsta historia. (Skrifter Bohusläns museum - band-/heftenr. Nr 70 - Lund studies in medieval archaeology - band-/heftenr. nr 28) ISBN 91-7686-137-6 , ISBN 91-22-01931-6
  • Flo, Berit Synnøve. 2005. Det norske Båhuslen og Norges ukjente hovedstad Konghelle (Kungälv) : en historisk og kulturell oppdagelsesreise. Oslo: Andresen & Butenschøn. ISBN 82-7694-179-6