Yvon Mougel (fødd 25. mai 1955) er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Cornimont i regionen Lorraine som deltok internasjonalt frå 1976 til -84, og vann VM-bronse i 10 km sprint i 1981.

Yvon Mougel
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 25. mai 1955 (68 år)
Cornimont
Yrke skiskyttar
Språk fransk
Høgd 185 centimeter

Mougel vart nummer seks i 20 km normalprogram under Vinter-OL 1980 i Lake Placid. Høgdepunktet som skiskyttar oppnådde han då VM i skiskyting 1981 fann stad i Lahti. På 10 km sprint gjekk han inn til bronsemedalje, bakom gullvinnar Frank Ullrich og finske Erkki Antila. Under dei olympiske leikane 1984 i Sarajevo kom han i mål til fjerdeplass på 20 km og vart sjettemann på 10 km.

Kjelder endre