Zabid (arabisk زبيد, òg skrive Zebid) er ein by på den vestlege kystsletta i Jemen med kring 52 590 innbyggjarar.[1] Byen er kalla opp etter Wadi Zabid, ein dal i sør og er ein av dei eldste byane i Jemen. Han var hovudstaden i landet frå 1200- til 1400-talet og eit senter for den arabiske og muslimske verda på grunn av det kjende Universitetet i Zabid og er eit senter for islamsk utdanning. Han var hovudstaden i Ziyadide-dynastiet frå 819–1018 og Najahide-dynastiet frå 1022–1158.[2]

Zabīd
by
Land  Jemen
Guvernement Al Hudaydah guvernement
Koordinatar 14°12′N 43°19′E / 14.200°N 43.317°E / 14.200; 43.317
Areal 1,35 km²
Folketal 50 781 (2005)  (2004)
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Verdsarvstad
Namn Den historiske byen Zabid
År 1993 (#17)
Nummer 611
Region Arabia
Kriterium ii, iv, vi
Kart
Zabid
14°12′00″N 43°19′00″E / 14.2°N 43.316666666667°E / 14.2; 43.316666666667
Wikimedia Commons: Zabid

Zabid er innskriven på verdsarvlista til UNESCO. Den store moskeen er godt synleg i byen.

Trugslar til Zabid endre

 
Zabīd

I 2000 vart Zabid oppført på truga verdsarvstader, fordi staden var dårleg vedlikeheldt.[3] Om byen ikkje utbetra bevaringa av kulturarva si, kan dei miste status som verdsarvstad.[4]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Zabid