Zaozhuang
Zaozhuang (kinesisk: 枣庄; pinyin: Zǎozhuāng) er eit byprefektur i provinsen Shandong i Kina, nær ved Gulehavet. Byprefekturet har eit areal på 4 550 km² og hadde vel 3,7 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Zaozhuang omfattar fem distrikt (区 qū) og eitt byfylke (市 shì).
Næringsliv
endreI prefekturet finst store førekomstar av kol, og gruveindustrien er ei hovudnæring.
Samferdsle
endreSnøggtoget Beijing-Shanghai har stoppestad i Zaozhuang. Zaozhuang ligg også på jarnbanelinja JingHu, også denne trafikkerer strekninga Beijing-Shanghai.
Kinas riksveg 206 går gjennom området. Han strekker seg frå kystbyen Yantai i nord til kystbyen Shantou i provinsen Guangdong i sør. Vegen passerer gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til sist Guangdong.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zaozhuang» frå Wikipedia på bokmål, den 21. oktober 2012.