Jiangxi er ein provins i Folkerepublikken Kina. Provinsen femner eit relativt flatt område frå elvebreiddene til Chang Jiang i nord til høgde- og fjellandet lenger sør. Jiangxi grensar til Anhui i nord, Zhejiang i nordaust, Fujian i aust, Guangdong i sør, Hunan i vest og Hubei i nordvest. Provinsen dekker ei flatevidd på 166 900 km². Folketalet vart i 2013 berekna til 45 millionar.[1]

江西
Jiāngxī
Horisonten til Jiangxi
Horisonten til Jiangxi
Styresmakter
Land Folkerepublikken Kina
Grunnlagt 291
Geografi
Flatevidd 166 919 km²
Innbyggjarar 45 200 000 (2013)
Innbyggjarar
 - Provins (2013)

45 188 635
Diverse anna
Heimeside: http://www.jiangxi.gov.cn/
Nettstad: http://www.jiangxi.gov.cn/
Plassering
Plassering av Jiangxi
Plassering av Jiangxi

Namnet Jiangxi kjem frå kretsen som i 733 vart administrert av Tang-dynastiet, Jiangnanxidao (江南西道; 'kretsen til det vestlege Jiangnan').

Geografi endre

 
Lufjella i Jiangxi

Jiangxi er omkransa av fjell på tre kantar. I vest ligg fjellkjeder som Mufu Shan, Jiuling og Luoxiao, i aust er Huaiyu og Wuyi Shan, medan Jiulian og Dayu reiser seg i sør. Den sørlege halvdelen av provinsen består av høgdedrag og dalar om einannan. Derimot er den nordlege halva flatare og lægre. Huanggang i Wuyi Shan, på grensa mot Fujian, er den høgste fjelltoppen i Jiangxi. Han når ei høgde på 2 157 moh.

Elva Gan dominerer provinsen, og renn frå sør til nord gjennom heile provinsen. Ho renn ned i innsjøen Poyang i nord, den største ferskvassjøen i Kina. Innsjøen tømmer seg sidan ned i Chang Jiang, som utgjer ein del av nordgrensa til Jiangxi. Nordvest i provinsen ligg det viktige vassreservoaret Xiushui Tuolin i elva Xiushui. Også Waananreservoaret, i dei øvre delane av Gan, er viktig for vassforsyninga.

Klima endre

Klimaet i Jiangxi er subtropisk. Middeltemperaturane er om lag 3 til 9 °C i januar og 27 til 31 °C i juli. Årleg nedbørsmengd varierer mellom 1200 og 1 900 mm.

Innbyggjarar endre

 
To kvinner i Jingdezhen.

99,73 % av innbyggjarane i Jiangxi er han-kinesarar. Eit fleirtal av desse er gan- og hakkatalarar. Ganzhou, største byen i Jiangxi, har eit særleg stort tal hakkaer. Av etniske minoritetar har ein hui- og zhuangfolk.

Jiangxi har, saman med Henan, eit svært stort overskot av gutar og menn i høve til jenter og kvinner. Familiane har svara på eittbarnspolitikken med å late mange jentefoster verte abortert ved fødselen. Ein britisk studie frå 2009, publisert i British Medical Journal, hevdar det finst over 140 gutar for kvar 100 jenter i alderen 1-4 år.[2]

Økonomi endre

Jiangxi er ein heller lite utvikla provins, særleg målt mot naboprovinsar som Guangdong, Zhejiang, Fujian. Landbruket sysselset omtrent halvparten av alle yrkesaktive i Jiangxi og genererer om lag ein fjerdedel av bruttonasjonalprodukt. Om lag halvparten av tilgjengeleg areal er tilplanta med ris, og risavlinga i provinsen er mellom dei høgste i Kina. Halvparten av avlinga vert dyrka på den fruktbare sletta rundt Poyangsjøen. Andre viktige landbruksprodukt er bomull, raps, sukkerrøyr, jordnøtter, sesam, tobakk, jute, sitrusfrukter og te. Jiangxi er ein av Kinas viktigaste teprodusentar. Grisen er dominerer i husdyrhaldet, framom storfe. Storfe og sau vert avla i store besetningar, gris, kaninar og fjørfe i mange små einingar. Skogbruket er viktig i det ganske skog-rike sør, provinsen er ein stor produsent av tømmer og bambus. Fiskeoppdrett er viktig i nord. Frå Poyangsjøen og elvane fangar ein karpe og småsild og sankar perler og lotusfrø.

 
Måleri av ein gammal porselensbutikk i Jingdezhen.
 
Stein av fluoritt og kvarts frå De'an-gruva i Jiujiang.

Jiangxi er rikt på mineralressursar, provinsen har størst reservar i Kina av mange ulike mineral. Om lag halvparten av Kinas produksjon av wolfram vert utvunne ved Ganzhou i sør, medan Dexing i nordaust er Kinas største produsent av kopar. Provinsen er og størst på mineral som gull, sølv, uran, thorium, tantal, niob, mangan, bly, sink, molybden og vismut.

 
Porselensplatte frå Jingdezhen, laga i Qianlong-perioden (1736-95)

Industrien er basert på utnyttinga av råvarene, og utgjer vel 35 % av brutto nasjonalprodukt. Einast 14,4 % av arbeidsstokken i Jiangxi var i 2000 tilsett i industrien. Provinsen er størst i Kina på tungindustri basert på foredling av ikkje-jarnhaldig metall. Jingdezhen er særleg kjent for sitt porselen framstilt av kaolin som ein finn i fjella like ved. Dei største økonomiske sentera er hovudstaden Nanchang med sine stål- og jarnverk og sin maskinproduksjon og Jiujiang med petrokjemisk verksemd og tekstilindustri.

Tenestesektoren bidreg med over 40% av BNP og sysselset 34% av arbeidsstokken. Transport og kommunikasjon, handel og gjeste- og serveringsbransjen er dei klart viktigaste. Internasjonal turisme spelar lita rolle, fremste turistattraksjonen er Lushan nasjonalpark som er kjent for sitt praktfulle landskap.

Dei nordlege delane av provinsen er meir utvikla enn områda i sør. Kommunikasjonane er basert på jarnbane, men også skipstrafikk på Poyang og elvane er viktig. Den nye jarnbanen Beijing–Kowloon går gjennom Jiangxi, og har betra kommunikasjonen med omverda. Jiujiang ved Chang Jiang er viktigaste hamna.

Administrasjonseiningar endre

Jiangxi er delt opp i elleve administrative einingar, alle byprefektur.

Kart # Namn Administrasjonssete
 
Byprefektur
1 Nanchang Donghu-distriktet
2 Fuzhou i Jiangxi Linchuan distrikt
3 Ganzhou Zhanggong distrikt
4 Ji'an Jizhou distrikt
5 Jingdezhen Zhushan distrikt
6 Jiujiang Xunyang distrikt
7 Pingxiang Anyuan distrikt
8 Shangrao Xinzhou distrikt
9 Xinyu Yushui distrikt
10 Yichun i Jiangxi Yuanzhou distrikt
11 Yingtan Yuehu distrikt

Dei elleve einingane på prefekturnivå er delt i 99 på fylkesnivå (19 distrikt, ti byfylke, og 70 fylke). Desse er i sin tur delt i 1 548 på kommunenivå (770 bykommunar, 651 landkommunar, sju etniske landkommunar, og 120 underdistrikt).

Historie endre

 
Kvithjortgrotte-akademiet (白鹿洞書院, Báilùdòng Shūyuàn) i Lufjella var ein av fire klassiske lærestader i Kina.

Elvedalen langs Gan er det sentrale området i Jiangxi, og har historisk vore den viktigaste transportruta retning nord-sør i det sørlege Kina. Korridoren langs Gan er ei av få lettreiste ruter gjennom det elles fjellrike og ulendte terrenget i søraust. Denne korridoren var den primære ruta for handel og kommunikasjon mellom slettene i Nord-Kina og Chiang Jiang-dalen i nord, med landområda i det som i dag er Guangdong-provinsen i sør.

Under vår- og haustannaltida låg vestgrensa til staten Wu i det som i dag er den nordlege delen av Jiangxi. Seinare rådde rike som Yue og Chu over dei same områda og truleg vidare, utan å ha full kontroll over alt landet. Han-dynastiet etablerte sterkare kontroll, og med eit militært maktapparat rådde det over det meste av dagens Jiangxi.

I 291 e.Kr., under det vestlege Jin-dynastiet, vart området til provinsen Jiangzhou. Under nord- og sør-dynasti-tida var Jiangzhou under kontroll av dei sørlege dynastia.

Tang-dynastiet kollapsa i 907. Under den påfølgjande Fem dynasti og ti kongerike-tida høyrde Jiangxi først under Wu, deretter til Sør-Tang. Begge statane hadde sin maktbase i det som i dag er Nanjing, lengre nedstraums i Chang Jiang.

Under Yuan-dynastiet vart Jiangxi-provinsen etablert for første gong. Den provinsen omfatta også det meste av dagens Guangdong. Under Ming-dynastiet vart Guangdong skilt ut, sidan har grensene til Jiangxi vore lite endra.

 
Nasjonalisthæren til Kuomintang i Gannan på 1940-talet.

Etter at Qing-dynastiet fall i 1911, bygde kommunistane opp ein av sine tidlege basar i Jiangxi. Mange bønder vart rekruttert til den veksande revolusjonen. Nanchangopprøret fann stad i Jiangxi 1. august 1927, under den kinesiske borgarkrigen. Den kommunistiske leiinga trekte seg tilbake og gøymde seg i fjella sør og vest i Jiangxi. Frå 1927 gjorde Kuomintang fleire framstøytar for å knuse kommunistane. I 1920 vart den kinesiske sovjetrepublikken etablert med regjering i Ruijin. Fullstendig omringa av nasjonaliststyrkar, braut kommunistane gjennom i 1935 og begynte den lange marsjen som gjekk til Yan'an, fleire tusen kilometer unna.

Styresmakter endre

Den regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Liu Qi. Guvernøren er Yi Lianhong (2020).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jiangxi