Zapporthorn
Zapporthorn er eit fjell i Dei lepontinske Alpane, oppfor San Bernardino-passet i Graubünden. Det ligg mellom dalane Hinterrhein, Calanca og Mesolcina. Toppen ligg om lag to kilometer frå grensa til Ticino.
Zapporthorn | |||
fjell | |||
Zapporthorn (midten) og Zapportgrat sett frå San Bernardino-passet
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei lepontinske Alpane | ||
Høgd | 3 152 moh. | ||
Primærfaktor | 152 m ↓ mot Vogelberg | ||
Koordinatar | 46°28′46.9″N 9°6′45.2″E / 46.479694°N 9.112556°E | ||
Zapporthorn 46°28′47″N 9°06′45″E / 46.479694444444°N 9.1125555555556°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Zapporthorn |
Zapporthorn er den høgaste toppen langs Zapportgrat, ein rygg som strekkjer seg frå Piz de Stabi til Marscholhorn. Zapportgletscher ligg på nordsida og er den største breen i massivet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zapporthorn» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2012.