Zavjalov (russisk Остров Завьялова, Ostrov Zavjalova), tidlegare Olskyøya (Остров Ольский), er ei relativt stor øya i Okhotskhavet i Russland. Ho ligg på austsida av Tauiskbukta, 20 km vest for Kapp TaranKonihalvøya, om lag 50 km sør for Magadan.

Zavjalov
øy
Land  Russland
Kart
Zavjalov
59°03′48″N 150°38′31″E / 59.063333333333°N 150.64194444444°E / 59.063333333333; 150.64194444444
Wikimedia Commons: Zavyalov Island

Zavjalov er ei fjellkledd øy, 23 km lang og 7,5 km på det breiaste. Sibirsk dvergfuru og dvergbjørk veks på øya. Langs kysten finst det mykje stellersjøløver.[1]

Administrativt høyrer Zavjalov til Magadan oblast.

Kjelder

endre
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

endre

59°03′N 150°37′E / 59.050°N 150.617°E / 59.050; 150.617