Zeleebreen er ein isbre kring 5 km brei og 10 km lang, som flyt nord-nordvest frå innlandsisen langs vestsida av Lacroix Nunatak og endar i ei kjend tunge på vestsida av Port Martin. Han vart truleg oppdaga i 1840 av den franske ekspedisjonen under kaptein Jules Dumont d'Urville, sjølv om ingen isbrear vart nemnde på kartet til d'Urville av denne kysten. Han vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946-47. Han vart kartlagt av Den franske antarktisekspedisjonen under Liotard, 1949-51, og kalla opp etter «Zelee», korvetten som segla med flaggskipet til d'Urville, «Astrolabe».

Zeleebreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Adélie Land
 - koordinatar 66°52′S 141°10′E / 66.867°S 141.167°E / -66.867; 141.167
Lengd 10 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Zeleebreen
66°52′00″S 141°10′01″E / 66.8667°S 141.167°E / -66.8667; 141.167
Zeleebreen is located in Antarktis
Zeleebreen (Antarktis)

Tilknytt til isbreen er Zelee bretunge , ein 11 km lang bretunge som er kring 3 km brei. Han strekkjer seg ut i sjøen frå Zeleebreen. Han vart skissert ned frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946-47.

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Zelee Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).