Zeppelinfjellet
Zeppelinfjellet er eit fjell på Brøggerhalvøya, to km frå Ny-Ålesund på Spitsbergen. Fjellet har ei høgd på 553 moh.
Zeppelinfjellet | |||
fjell | |||
Zeppelinfjellet med luftmålestasjonen til venstre i bilete
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Brøggerhalvøya, Oscar II Land, Spitsbergen | ||
Høgd | 553 moh. | ||
Koordinatar | 78°50′N 11°30′E / 78.833°N 11.500°E | ||
Zeppelinfjellet 78°54′00″N 11°53′00″E / 78.9°N 11.8833°E | |||
Wikimedia Commons: Zeppelinfjellet |
Norsk Polarinstitutt driv luftmålestasjon Zeppelin på Zeppelinfjellet saman med Norsk institutt for luftforskning. Luftmålestasjonen ligg på 475 moh og vart opna i 1990. Ein kan nå stasjonen frå Ny-Ålesund med ein gondolbane.
Zeppelinfjellet har namnet sitt etter den tyske offiseren og luftskipskonstruktøren Ferdinand von Zeppelin (1838-1917) som leia ein ekspedisjon til dette området i 1910 saman med Hugo Hergesell.