Ferdinand von Zeppelin
Ferdinand Graf von Zeppelin (8. juli 1838–8. mars 1917) var ein tysk offiser og luftskipskonstruktør.
Ferdinand von Zeppelin | |||
| |||
Fødd | Ferdinand Adolf Heinrich August von Zeppelin 8. juli 1838 Konstanz | ||
---|---|---|---|
Død | 8. mars 1917 Berlin | ||
Nasjonalitet | Storhertugdømmet Baden | ||
Yrke | flygar, militær, aeronaut, ingeniør, flyingeniør | ||
Alma mater | Burlada Kriegsschule Ludwigsburg | ||
Barn | Hella von Brandenstein-Zeppelin | ||
Medlem | Verein Deutscher Ingenieure |
Zeppelin var elev på militærskulen i Ludwigsburg og vart i 1858 utnemnd til løytnant. I 1859 vart han kalla til ingeniørkorpset og han deltok frå 1863 som observatør i den amerikanske borgarkrigen og seinare – i 1866 – som generalstabsoffiser i den tyske krigen og i den fransk-tyske krigen 1870–1871. Frå 1882 til 1885 var Zeppelin kommandør for ulanregimentet Ulmanschliessend og Württemberg sin gesandt i Berlin. I 1891 tok han som generalløytnant avskjed, men vart i 1906 utnemnd til general av kavaleriet.
Frå 1880-åra starta Zeppelin å sjå på problema i samband med å styre ballongar og starta i 1899 bygginga av den første styrbare ballongen sin, som i 1900 gjorde tre flygingar over Bodensjøen. Dei stadig betre resultata førte til at det vart gjennomført ein nasjonal innsamling der halvparten av dei innbetalte over 6 millionar mark vart sett i Luftschiffbaugesellschaft Zeppelin G.mb.H.
I 1908 kjøpte militæret det fullt funksjonsdyktige luftskipet Z3. Inntil 1914 gjorde Deutsche Luftschiffahrgesellschaft (Delag) meir 1 500 flygingar og frakta 35 000 personar utan uhell. Under den første verdskrigen vart det klart at zeppelinarane ikkje var egna i krig, då dei utgjorde ei alt for stor åtaksflate.
Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund på Spitsbergen er kalla opp etter han.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ferdinand von Zeppelin» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2009.