Zinaida Gippius
Zinaida Nikolajevna Gippius (20. november 1869–9. september 1945) var ein russisk forfattar. Av verka hennar vert memoarane og poesien mest påakta, men ho skreiv også romanar og noveller.
Zinaida Gippius | |
Pseudonym | Антон Крайний, Anton Krajnij, Lev Pushchin, Camarada Herman, Roman Arensky, Anton Kirsha, Nikita Vecher, V. Vitovt |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Frankrike |
Fødd | 8. november 1869 Beljov |
Død |
9. september 1945 (75 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, skodespelforfattar, litteraturkritikar, prosaforfatter |
Sjanger | dikt, prosa, memoar, litteraturkritikk |
Far | Nikolaj Romanovitsj Gippius |
Mor | Anastasija Vasiljevna Stepanova |
Ektefelle | Dmitrij Merezkovskij |
Zinaida Gippius på Commons |
Gippius var fødd i Beljov i Tula, der ho hadde anar i adelen. Ho debuterte som poet i 1888 og gifta seg året etter med forfattaren Dmitrij Merezjkovskij. Dei grunnla den religionsfilosofiske foreininga i St. Petersburg og gav ut tidsskriftet Novyj Put.
1905-revolusjonen radikaliserte Gippius og Merezjkovskij, som i etterkant av opprøret emigrerte til Paris. Etter oktoberrevolusjonen i 1917 returnerte dei til St. Petersburg, Paret kom i opposisjon til bolsjevikane og flykta i desember 1919 til Warszawa. Seinare var dei sentrale i den russiske emigrantkolonien i Paris. Paret var typiske for dei russiske flyktningane etter revolusjonen. Alle stader dei vart buande ei tid, opna dei litterære salongar og tok del i meiningsbrytingane. Både på 1920- og 30-talet var Gippius politisk aktiv og produserte ei rekke anti-kommunistiske hefte.
I dikta og prosaen sin svingar Gippius fram og tilbake mellom det jordiske og det andeleg-religiøse. Dei tidlege romanane, forteljingane og dikta hennar er no utdaterte og vert lite lesne. Derimot vert memoarane hennar lesne, utgjevne under tittelen Ein gneiste av ord. Boka inneheld portrett av forfattarar som Aleksandr Blok, Andrej Belyj og Vasilij Rozanov. Ho skildrar ekteskapet sitt med Merezjkovskij som eit erotisk lite vellykka ekteskap. Gippius spela på mange måtar ei mannleg rolle, ho kjende seg som ein mann fanga i ein kvinnekropp. Ho hadde nær kontakt med den russiske, religiøse sekta «khlystij», ei sekt som praktiserte rituell sjølvpisking med påfølgjande seksuelle orgiar. Seksualitet og bisarre figurar er eitt av mange karakteristika ved memoarane hennar. Mot slutten av 1930-åra kom ekteparet meir og meir på kant på med resten av det russiske eksilmiljøet, og hamna i ein posisjon som sette aktivisten Gippius på sidelina.
Gippius var kjend som ei militant, politisk, intellektuell, lidenskapeleg og lunefull kvinne, medan andre framheva henne som eit «kaldt intellekt» og ein «slange». Ho nytta ofte psevdonymet Anton Krajnij.
Ho døydde i Paris hausten 1945, knappe fire år etter ektemaken Merezjkovskij.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zinaida Hippius» frå Wikipedia på nederlandsk, den 11. juli 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Sinaida Hippius» frå Wikipedia på tysk, den 11. juli 2011.