Zittau er ein by i Sachsen i Tyskland, nær landegrensa mot så vel Polen som Tsjekkia. Byen, som ligg 242 meter over havet ved elva Neisse, har 24  500 ibuarar og eit flatemål på 66,8 km².

Zittau
by
Zittau Panorama.jpg
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Map
Zittau
50°53′46″ N 14°48′26″ E
Wikimedia Commons: Zittau

Bomullsindustri, maskin-fabrikasjon og framstilling av kjemikaliar er viktige næringar i Zittau. Byen er elles eit jarnbane- og vegknutepunkt.

Fleire kyrkjer er frå 1300-talet. Heile gamlebyen med mange renessanse-, barokk- og rokokko-bygningar er freda kulturminne.

Kong Ottokar II av Böhmen gav staden byprivilegium i 1255.

Skirennarane Matthias Buse og René Sommerfeldt er frå Zittau.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Zittau