Ziyang (forenkla kinesisk: 资阳; tradisjonell kinesisk: 資陽; pinyin: Zīyáng) er eit byprefektur aust i provinsen Sichuan i Kina, med grense mot byprovinsen Chongqing. Byprefekturet har eit areal på 7 962 km², folketalet vart i 2004 berekna til 4,87 millionar.

Ziyang (gul) i Sichuan

Byprefekturet Ziyang omfattar eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

SamferdsleEndra

Chengdu-Chongqing-jarnbanen strekker seg gjennom; han fører frå Chengdu til Chongqing.

Kinas riksveg 321 går gjennom prefekturet. Vegen fører frå Guangzhou i provinsen Guangdong via mellom andre Wenzhou og Guilin til Chengdu, hovudstaden i Sichuan.

KjelderEndra