Zondabreen
Zondabreen er ein isbre som er kring 13 km lang, og som flyt vest-sørvest mellom Fohn Bastion og Zonda Towers og ut i George VI Sound. Isbreen vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948, og British Antarctic Survey (BAS), 1971-72, og vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1966. Namnet vart gjeve av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1977 etter zondavinden, som er det argentinske namnet på ein varm, tørr vind som strøymer ned austsida av Andes. Namnet er eit av fleire i området som er kalla opp etter vindar.
Zondabreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 69°33′S 68°30′W / 69.550°S 68.500°W | ||
Lengd | 13 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Zondabreen 69°33′S 68°30′W / 69.55°S 68.5°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Zonda Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).