Zrahia
Zrahia (hebraisk skrift זְרַחְיָה) er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Kiryat Malakhi og høyrer til Shafir regionale kommune. I 2012 hadde han 818 innbyggjarar.[1]
Zrahia | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Shephelah | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Shafir | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 818 (2012) | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
- Grunnlagd av | iranske og nordafrikanske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Hapoel HaMizrachi | ||
![]() Zrahia | |||
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 på land som høyrte til den avfolka arabisk landsbyen Al-Sawafir al-Sharqiyya.[2] Dei fleste av nybyggjarane var immigrantar frå Iran, men det var òg somme frå Nord-Afrika, særskild Marokko. Han vart kalla opp etter Seraiah, far til Ezra og ein av jødane som kom til Israels land etter det babylonske fangenskapet.[3]
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Zrahia» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Locality File Statistisk sentralbyrå
- ↑ Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, s. 135, ISBN 0-88728-224-5
- ↑ About Zrahia Homee (he)