Zsolt Korcsmár
ungarsk fotballspelar
Zsolt Korcsmár (fødd 9. januar 1989 i Komló i Ungarn) er ein ungarsk profesjonell fotballspelar som har spela for den ungarske fotballklubben Újpest. Haustsesongen 2010 var han utlånt til den norske fotballklubben Brann. Etter 2010-sesongen fekk han permanent kontrakt med bergensklubben, og var fast på førstelaget i 2011-sesongen.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 9. januar 1989 (35 år) | ||
Fødestad | Komló i Ungarn | ||
Høgd | 188 cm | ||
Posisjon | Forsvar, midtbane | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Brann | ||
Nummer | 21 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2005-11 2010- |
Újpest Brann |
96 (12) 38 (3) [1] | |
Landslag | |||
2008-10 2011- |
Ungarn U21 Ungarn |
11 (2) 17 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. august 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 26. mars 2013 |
Korcsmár spelar midtstoppar og har vore kaptein på Ungarn sitt U-21 landslag, der han er bronsemedaljør frå U-20 VM i 2009.[2] I tillegg til Ujpest og Brann har han prøvd seg på eit treningsopphald i West Ham United i 2007, men fekk ikkje kontrakt.[3] Han debuterte på Ungarn sitt A-landslag 10. august 2011 i ein privatlandskamp heime mot Island.
Statistikk
endreSesong | Klubb | Land | Turnering | Kampar | Mål |
---|---|---|---|---|---|
2005–06 | Újpest | NB1 | 1 | 0 | |
2006–07 | Újpest | NB1 | 24 | 1 | |
2007–08 | Újpest | NB1 | 21 | 3 | |
2008–09 | Újpest | NB1 | 24 | 5 | |
2009–10 | Újpest | NB1 | 26 | 3 | |
2010 | Brann | Tippeligaen | 10 | 0 | |
Totalt | 100 | 12 |
Merittar
endre- FIFA U-20-VM:
- Tredje plass: 2009
Referansar
endre- ↑ Norsk og internasjonal fotballstatistikk
- ↑ «Belarus 1 - 0 Hungary». UEFA. Henta 15. desember 2007.
- ↑ «Hammers trial Hungarian». Sky Sports. 14. desember 2007. Henta 15. desember 2007.