Al Zubair-øyane eller Zubayrøyane (arabisk مجموعة جزر الزبير eller berre جزر الزبير) er ei øygruppe på 10 vulkanske øyar over ein skjoldvulkan i Raudehavet. Øyane høyrer til Jemen. Det høgaste punktet i øygruppa er 191 meter over havet. Vulkanen har hatt fleire utbrot gjennom historia.

Zubairøyane
vulkansk øy
Ei ny oppstår i Zubairøyane, kring 500 meter nordvest for Rugged Island. Satellittbilete få 7. januar 2012.
Land  Jemen
Stad Raudehavet
 - høgd 191 moh.
 - koordinatar 15°3′0″N 42°10′0″E / 15.05000°N 42.16667°E / 15.05000; 42.16667
Siste utbrot September - oktober 2013
Kart
Zubairøyane
15°03′00″N 42°10′00″E / 15.05°N 42.16666667°E / 15.05; 42.16666667

Øyar endre

Den største øya er Zubair, som er ei av dei yngre øyane. Andre øyar er Centre Peak, Saba, Haycock og Saddle. Saddle-øya har hatt fleire utbrot i historisk tid.

Vulkanen har oppstått over ei riftlinje som går frå nord-nordvest til sør-søraust. Han byrja med ein periode eksplosive utbrot, før det vart ein rolegare periode, då øyane vart erodert ned av havet. Sidan følgde ein periode med både eksplosive og effusive utbrot, som bygde opp øyane som finst i dag.

Historiske utbrot endre

1824 endre

Eit lite (VEI 2) utbrot fann stad i 1824 på Saddle-øya med låg eksplosiv aktivitet. Det kan ha vore eit utbrot her den 14. august 1846, men dette er uvisst.

2011-2012 endre

Eit vulkanutbrot byrja den 19. desember 2011 frå havbotnen. Satellittbilete synte ei røyksøyle i havet mellom Haycock- og Rugged-øyane. Fiskarar rapporterte om lava som stod 30 meter over havet. Det undersjøiske utbrotet danna ei ny øy i gruppa, mellom Rugged- og Haycock-øya. Vatn som rann ned i ventilen skapte eit Surtsey-utbrot som førte til at det vart sendt opp mykje damp og oske.[1][2][3]

Den 12. januar 2012 hadde den nye øya vokse til rundt 530 gonger 710 meter og byrja som eit effusivt utbrot. Øya fekk namnet Principato di San Bernardino.

Satellittbilete frå 15. januar 2012 synte at utbrotet hadde stoppa og den nyfødde øya låg att.[4] Seinare satellittbilete har synat den nye øya har ein kraterinnsjøe.

2013 endre

Den 28. september 2013 byrja eit nytt undersjøisk utbrot sørvest for utbrotet frå 2011-2012. Utbrotet fann stad mindre enn 100 meter under havoverflata.[5] Aktiviteten på staden heldt fram inn i oktober og store dampsøyler var synlege i området.[6][7] Seint i oktober hadde ei ny øy dukka opp av havet.[8]

Denne øya fekk namnet Jadidøya, medan den som vart skapt i 2011 fekk namnet Sholanøya.[9]

Turistmål endre

Øyane er ikkje busette, men dykking, dyreliv og vulkanane trekkjer til seg turistar.[10]

Kjelder endre