Zug
- Denne artikkelen handlar om byen i Sveits. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Zug (fleirtyding).
Zug (fransk Zoug, italiensk Zugo, retoromansk Zug, latin Tugium) er ein tysktalande by og kommune i Sveits. Kommunen har 26 327 innbyggjarar (2010) og eit areal på 35 km². Kommunesenteret ligg 425 meter over havet.
Zug | ||
---|---|---|
Zugsjøen og gamlebyen i Zug og Zytturm | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Sveits | |
Kanton | kantonen Zug | |
Distrikt | ingen | |
Språk | tysk | |
Borgarmeister | Dolfi Müller | |
Geografi | ||
Flatevidd - kommune |
35 km² | |
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
26 327 752,2 /km² | |
Koordinatar | 47°10′0″N 8°31′0″E / 47.16667°N 8.51667°E | |
Høgd over havet | 425 moh. | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 6300 | |
Nettstad: www.stadtzug.ch |
Byen Zug er hovudstad i kantonen Zug og ligg ved Zugsjøen og ved foten av fjellet Zugerberg. På dei lågareliggande fjellsidene veks mange frukttre og Zugs mest kjende jordbruksprodukt er kirschwasser. Dei fleste innbyggarane talar tysk og er katolikkar.
Historie
endreByen er omtala første gongen i 1240. År 1273 kjøpte Rudolf av Habsburg byen. Zug vart sidan styrt av ein fut, som formelt var godkjent av habsburgarane og ei rådsforsamling. Fleire område på den kringliggjande landsbygda, til dømes Baar, Menzingen og Aegeri, hadde alle si eiga Landsgemeinde (kommune), men vart styrt av ein einaste fut, også han var utpeika av habsburgarane. Desse områda vart kalla Aeusser Amt. 27 juni 1352 gjekk både byen Zug og Aeusser Amt inn i det ferske sveitsiske eidsforbundet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zug» frå Wikipedia på svensk, den 21. september 2011.