Zugsjøen, (tysk Zugersee) er ein innsjø i kantonane Zug og Schwyz i det sentrale Sveits. Sjøen har eit areal på 38 km² og ligg 414 meter over havet. Største djupna er 198 meter. På det trongaste er innsjøen om lag ein kilometer brei.

Zugsjøen
Zugersee
innsjø
Land  Sveits
Tilsig Lorze
Utløp Lorze
Nedslagsfelt 204 km²
Opphaldstid 14,7 år
Høgd over havet 417 moh.
Lengd 13,8 km
Breidd 4,7 km
Areal 38,3 km²
Middeldjupn 83,2 m
Største djupn 197 m
Volum 3,2 km³
Koordinatar 47°7′N 8°29′EKoordinatar: 47°7′N 8°29′E
Byar Zug, Arth, Buonas, Cham, Immensee, Oberwil, Risch, Walchwil
Kart
Zugsjøen
47°7′0″ N 8°28′0″ E
Kart
Kart
Kart
Wikimedia Commons: Lake Zug

Elva Lorze, ei sideelv til Reuss, er hovudvasskjelda til Zugsjøen og drenerer innsjøen. Sidan ho renn inn innsjøen få kilometer frå utlaupet, er det liten omrøring i sjøen. Særleg då den skogdekte halvøya Chiemen deler Zugsjøen i to, den djupe sørdelen og den heller grunne norddelen.

Fram til byrjinga av 1900-talet var Zugsjøen næringsfattig, men vart snart ein av dei mest ureina innsjøane i Sveits. Trass i ulike åtgjerder vart vasskvaliteten berre langsamt betre. På grunn av den høge delen fosfor veks mange algar i dei øvre sjikta i vatnet. Under nedbrytinga brukar algane oksygen, noko som resulterer i oksygenmangel i djupet av sjøen. Sjøen vert berre drenert i norddelen, så vatnet står gjennomsnittleg 14,5 år i innsjøen. I 1953 vart det bygt eit reinseverk ved byen Zug, og i 1977 det andre reinseverket for 14 kommunar i området.

32 fiskeartar er påvist i Zugsjøen. Større verde som matfisk har sikar (Coregonus), ein variant av røye, åbor og gjedde. Den lokale varianten av røye er nemnd første gongen i 1281, og vart i seinmellomalderen også nytta som betalingsmiddel. For desse matfiskane finst nokre avlsanlegg langs strandlinja av innsjøen.

Busetnader endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre