Det andre krosstoget


Det andre krosstoget (1147–1149) var det andre store krosstoget som byrja i Europa. Grevskapet Edessa hadde gått tapt i 1144 og i 1145 kom det derfor ønske om eit nytt krosstog.

Det andre krosstoget
Del av Krosstoga

Passage Outremer av Jean Colombe og Sébastien Momerot, framstilling av slaget ved Inab
Dato 1145-1149
Stad Iberia, Det nære austen (Anatolia, Levanten, Palestina), Egypt
Resultat Avgjerande seldsjukkisk siger.
Grevskapet Edessa vart ikkje oppretta på ny og det vart auka fiendskap mellom krossfararstatane og dei muslimske rika. Portugal erobra Lisboa, amloravidane kollapsa og almohadane kom til makta. Fredsavtale mellom Austerromarrket og seldsjukkane. Auka spaning mellom Austromarriket og krossfararane. Krosstoget går inn i Egypt.
Partar
Krossfararane Sarasenarar
Kommandantar
Melisende av Jerusalem
Baldvin III av Jerusalem
Raymond II av Tripoli
Raymond av Poitiers
Manuel I Komnenos
Thoros II of Armenia
Afonso I av Portugal
Alfonso VII av León
Konrad III av Det tysk-romerske riket
Ottokar III av Steuermark
Ludvig VII av Frankrike og Eleanor av Aquitaine
Thierry av Alsace
Stefan av England
Geoffrey V av Anjou
Mesud I
Roger II av Sicilia
Tashfin Ibn Alibr
Ibrahim ibn Tashfin
Ishaq ibn Ali
Abd al-Mu'min
Imad ad-Din Zengi
Saif ad-Din Ghazi I
Al-Muqtafi
Al-Hafiz
Styrkar
Tyskarane: 20 000 mann[1]
Franskmennene: 15 000 mann[2]
ukjend

Edessa var den første av krossfararstatane som vart grunnlagd under det første krosstoget (1095–1099) og var òg den første som fall. Det andre krosstoget vart deklarert av pave Eugenius III og var det første krosstoget som vart leia av europeiske kongar, det vil seie Ludvig VII av Frankrike og Konrad III av Det tysk-romerske riket, med støtte frå fleire andre europeiske adelsfolk. Armeane til dei to kongane marsjerte kvar for seg gjennom Europa og vart til ein viss grad hindra av den austromerske keisaren Manuel I Komnenos. Etter å ha kryssa Austromarriket og gått inn i Anatolia vart begge armeane kvar for seg slått av seldsjukkane. Ludvig, Konrad og restane av armeane deira nådde Jerusalem og i 1148 deltok dei i eit overilt åtak på Damaskus. Krosstoget i aust vart mislykka for krossfararane og ein stor siger for muslimane. Krosstoget enda med at Jerusalem fall og det tredje krosstoget vart sett i gang mot slutten av 1100-talet.

Berre utanfor Middelhavsområdet oppnådde krossfararane noko resultat då flamske, frisiske, normanniske, engelske, skotske og nokre tyske krossfarar på veg til «Det heilage landet» med skip tilfeldigvis stoppa og hjelpte portugisarane i å ta Lisboa frå maurarane i 1147.

Samstundes starta det første av dei nordlege krosstoga i Aust-Europa der ein ønskte å omvende heidenske folkegrupper til kristendomen. Desse krosstoga skulle halde på i fleire hundreår.

Bakgrunn: Edessa går tapt endre

For meir om dette emnet, sjå Omleiringa av Edessa.
 
Edessa fell, sett her på høgresida av kartet (om lag 1140). Dette var den utløysande årsaka til det andre krosstoget.

Etter det første krosstoget og det mindre krosstoget i 1101 vart det oppretta tre krossfararstatar i aust: kongedømet Jerusalem, fyrstedømet Antiokia og grevskapet Edessa. Ein fjerde stat, grevskapet Tripoli, vart oppretta i 1109. Edessa var det nordlegaste av desse, det svakaste og det minst folkesette, og var derfor mest utsett frå åtak frå dei omliggande muslimske statane styrt av artukidane, danishmendane og seldsjukkane. Grev Balduin II og den framtidige greven Joscelin av Courtenay vart tekne til fange etter dei tapte slaget ved Harran i 1104. Balduin og Joscelin vart begge fanga på ny i 1122, og sjølv om Edessa kom seg noko att etter slaget ved Azaz i 1125, mista Joscelin livet i strid i 1131. Etterfølgjaren hans Joscelin II vart tvinga inn i ein allianse med Austromarriket, men i 1143 døydde både den austromerske keisaren Johan II Comnenus og kongen av Jerusalem, Fulk av Anjou. Joscelin hadde òg krangla med greven av Tripoli og fyrsten av Antiokia, så Edessa stod utan mektige allierte. Samstundes hadde den seldsjukiske Zengi, atabegen av Mosul, lagt under seg Aleppo i 1128. Aleppo var nøkkelen til makta i Syria, og herskarane i Mosul og Damaskus kjempa begge om herredøme her. Både Zengi og kong Balduin II vendte seg mot Damaskus. Balduin vart slått utanfor byen i 1129. Damaskus, som var styrt av Burid-dynastiet, allierte seg seinare med kong Fulk, då Zengi omleira byen i 1139 og 1140. Alliansen vart forhandla fram av krønikeskrivaren Usamah ibn Munqidh.

Seint i 1144 allierte Joscelin II seg med artukidane og marsjerte frå Edessa med nesten heile armeen sin for å støtte artukidiske Kara Aslan mot Aleppo. Zengi, som prøvde å nytte seg av at Fulk døydde i 1143, skunda seg nordover og la omleiring rundt Edessa. Edessa fall etter ein månad den 24. desember 1143. Manasses av Hierges, Filip av Milly og andre vart sende frå Jerusalem for å hjelpe, men kom fram for seint. Joscelin II styrte restane av grevskapet frå Turbessel, men litt etter litt vart resten av området hans erobra eller seld til austromarane. Zengi sjølv vart lovprist av muslimane som «forsvarar av trua» og som al-Malik al-Mansur, «den sigrande kongen». Han gjekk ikkje etter resten av området i grevskapet i Edessa, eller mot fyrstedømet Antiokia, slik ein frykta. Hendingar i Mosul tvinga han heim att og han sette igjen kursen mot Damaskus. Han vart myrda av ein slave i 1146 og etterfølgt i Aleppo av sonen sin Nur ad-Din.[3]

Quantum praedecessores endre

For meir om dette emnet, sjå Quantum praedecessores.

Meldingane om at Edessa hadde falle kom til Europa med pilegrimane tidleg i 1145, og så med ambassadørar frå Antiokia, Jerusalem og Armenia. Biskop Hugo av Jabala sende meldingane til pave Eugenius III, som svara med å sende ut bullen Quantum praedecessores den 1. desember dette året, der han bad om eit nytt krosstog. Hugo fortalde òg paven om ein kristen konge i aust, som ein håpte ville gje støtte til krossfararstatane. Dette er første gong prestekongen Johannes er nemnd. Eugenius kontrollerte ikkje Roma og heldt i staden til i Viterbo, men krosstoget var likevel meint å vere meir organisert og sentralstyrt enn det første krosstoget. Mellom anna skulle visse predikantar godkjennast av paven, armeane skulle førast av dei mektigaste kongane i Europa, og ein skulle planlegge ei rute på førehand. Den nye krossfararbullen førte i starten til lite respons, og bullen vart send rundt på nytt då det viste seg at Ludvig VII skulle ta del i krosstoget. Ludvig VII av Frankrike hadde på eiga hand tenkt på eit felttog uavhengig av paven, og dette hadde vorte annonsert for julehoffet hans i Bourges i 1145. Det er derimot omstridd om Ludvig planla eit eige krosstoget eller om det var snakk om ei pilegrimsferd, sidan han ønskte å oppfylle den avdøde broren Filip sin lovnad om å vitje Det heilage landet. Abbed Suger og andre adelsmenn støtta ikkje planane til Ludvig sidan ein då kunne risikere at han var borte frå kongedømet sitt i fleire år. Ludvig spurde Bernard av Clairvaux om råd, som viste han vidare til pave Eugenius. Eugenius gav krosstoget til Ludvig entusiastisk støtte. Bullen vart gjeve ut på ny 1. mars 1146 og Eugenius gav Bernard løyve til å kunngjere meldinga i heile Frankrike.

Bernard av Clairvaux endre

 
St. Bernard på eit glasmåleri. Øvre Rhinen, om lag ca. 1450.

Paven sende Bernard for å kunngjere det andre krosstoget og lovde dei same avlatsbreva for dei som melde seg som pave Urban II hadde gjort under det første krosstoget.[4] Eit parlament vart kalla saman i Vézelay i Bourgogne i 1146 og Bernard talte føre forsamlinga. Ludvig VII av Frankrike, kona hans Eleanor av Aquitaine og fyrstane og lordane som var til stades knelte føre Bernard for å få pilegrimskrossen. Bernard reiste så til Tyskland, der meldingar om mirakel som oppstod overalt der han gjekk utan tvil var medverkande til at mange melde seg til teneste. Konrad III av Tyskland og nevøen Fredrik Barbarossa fekk krossen frå Bernard sjølv.[5] Pave Eugenius kom personleg til Frankrike for å gje støtte til operasjonen.

Til å vere så ivrig var Bernard verken fanatikar eller forfølgjar, men som i det først krosstoget førte preikene til åtak på jødar. Den fanatiske franske munken Rudolf inspirerte visstnok til massakrane på jødane i Rheinland, Köln, Mainz, Worms og Speyer då han hevda at jødane ikkje medverka økonomisk til å redde Det heilage landet. Bernard, erkebiskopen av Köln og erkebiskopen av Mainz var kraftig imot desse åtaka, så Bernard reiste frå Flandern til Tyskland for å ta seg av problemet og roe ned folkemassane. Bernard talte med Rudolf i Mainz, klarte å teie han og få han til vende tilbake til klosteret sitt.[6]

Det vendiske krosstoget endre

For meir om dette emnet, sjå det vendiske krosstoget.

Då det andre krosstoget vart erklært, melde mange sørtyskarar seg til krosstoget i Det heilage landet. Dei nordtyske saksarane var meir motvillige. Dei fortalte Bernard under riksdagen i Frankfurt den 13. mars 1147 at dei ønskte å gå mot slavarane i staden. Eugenius godkjende planen til saksarane og gav ut ein pavebulle kalla Divina dispensatione den 13. april. Bullen kunngjorde at dei forskjellige krosstoga ville gje same andelege løn. Dei som melde seg til krosstoga mot slavarane var hovudsakleg danskar, saksarar, polakkar[7] og nokre innbyggjarar frå Böhmen.[8] Pavelegaten Anselm av Havelberg vart sett som øvstkommanderande. Sjølve felttoget vart ført av saksiske familiar som Askania, Wettin og Schauenburg.[9]

Obotrittarane mislikte dei tyske planane og tok derfor det første steget og invaderte Wagria i juni 1147, noko som førte til at krossfararane la i veg på seinsommaren 1147. Etter å ha drive obotrittarane ut av dei kristne områda, la dei i veg mot festningane ved Dobin og Liutizian ved Demmin. Styrkane som gjekk til åtak på Dobin var mellom anna leia av Knut V og Svein III av Danmark, erkebiskop Adalbert II av Bremen og hertug Henrik Løvehjarta av Sachsen. Då nokre krossfararar ønskte å herje landsbygda, protesterte andre og sa «er det ikkje vårt eige land me då øydelegg, og er ikkje folket me kjempar mot vårt folk?»[10] Den saksiske armeen under Henrik Løvehjarta trekte seg tilbake etter at den heidenske hovdingen Niklot gjekk med på å la garnisonen i Dobin døype seg. Etter ei mislukka omleiring av Demmin drog ein del av krossfararane i staden til åtak på Pommern. Dei nådde den alt kristne byen Stettin og krossfararane spreidde seg til alle kantar etter å der ha møtt biskop Albert av Pommern og fyrst Ratibor I av Pommern. I følgje Bernard av Clairvaux var målet med krosstoget å kjempe mot dei heidenske slavarane til dei anten konverterte eller vart utsletta.[11] Krosstoget klarte ikkje å vende om vendarane. Saksarane oppnådde stort sett berre symbolske omvendingar i Dobin, sidan slavarane gjekk tilbake til den heidenske trua si så snart dei kristne armeane hadde forsvunne. Albert av Pommern forklarte at om krossfararane ønskte å styrke den kristne trua, så måtte dei gjere det med preike og ikkje våpen.[12]

Mot slutten av krosstoget vart landsbygda i Mecklenburg og Pommern plyndra og avfolka med mykje vald, særleg av troppane til Henrik Løvehjarta.[13] Dette var medverkande til fleire kristne sigrar i området i seinare år.[14]

Reconquista og omleiringa av Lisboa endre

For meir om dette emnet, sjå omleiringa av Lisboa.
 
Omleiringa av Lisboa av D. Afonso Henriques av Joaquim Rodrigues Braga (1840): eit romantisk syn.

Våren 1147 gav paven løyve til å utvide krosstoget til Den iberiske halvøya som eit ledd i Reconquista. Han gav òg Alfonso VII av León løyve til å rekna felttoga sine mot maurarane som ein del av det andre krosstoget.[5] I mai 1147 forlet dei første krossfararane Dartmouth i England med kurs mot Det heilage landet, Dårleg vêr førte skipa deira inn mot den nordlege delen av kysten til Portugal og byen Porto den 16. juni 1147. Her vart dei overtalt til å møte kong Afonso I av Portugal.[15]

Krossfararane sa seg villige til å hjelpe kongen i eit åtak på Lisboa så lenge dei fekk plyndre byen etterpå og fekk løysepengane for fanga dei forventa å ta. Omleiringa av Lisboa varte fire månader frå 1. juli til 25. oktober 1147 då maurarane gav etter, hovudsakleg på grunn av matmangel i byen. Dei fleste krossfararane slo seg ned i byen, men enkelte sette segl vidare mot Det heilage landet.[15] Enkelte av dei som vart verande att hjelpte tidlegare same år med å ta Santarém, og seinare òg Sintra, Almada, Palmela og Setúbal. Dei fekk lov til å slå seg ned i landområda dei hadde vore med på å erobre.

Nesten samstundes andre stader på Den iberiske halvøya førte Alfonso VII av León, Ramon Berenguer av Barcelona og andre ein blanda arme av katalanske og franske krossfararar mot den rike hamnebyen Almería. Med støtte frå marinen til Genova og Pisa vart byen okkupert i 1147.[16] Ramon Berenger invaderte så taifakongedøma Valencia og Murcia, som høyrde til almoravidane. I desember 1148 erobra han med hjelp frå franske og genuesiske krossfarar Tortosa etter ei fem månader lang omleiring.[16] Året etter fall Fraga, Lleida og Mequinenza ved samløpet til elvane Segre og Ebro til den same armeen.[17]

Krosstoget i aust endre

Joscelin prøvde å ta tilbake Edessa etter mordet på Zengi, men Nur ad-Din slo han i november 1146. Den 16. februar 1147 møtte dei franske krossfararane kvarandre ved Étampes for å diskutere ruta vidare. Tyskarane hadde alt valt å reise gjennom Ungarn, men denne ruta var ikkje politisk vanskeleg for franskmennene, sidan kong Roger II av Sicilia var fiende av Konrad. Mange av dei franske adelsmennene mislikte tanken på ei rute over land sidan det ville ta dei gjennom Austromarriket, som hadde fått eit dårleg rykte etter det første krosstoget. Likevel valde ein å følgje same ruta som Konrad, og dei sette av stad den 15. juni. Roger II var vonbroten og nekta å vere med vidare. I Frankrike vart abbed Suger og grev Vilhelm II av Nevers valde som regentar medan kongen var på krosstoget. I Tyskland reiste Adam av Ebrach rundt og preika om krosstoget til fleire, og Otto av Freising heiv seg òg med. 13. mars 1147 vart son til Konrad, Fredrik, vald til konge i Frankfurt under regentskapet til erkebiskop Henrik av Mainz. Fem år seinare valde Konrad III nevøen sine Fredrik Barbarossa som sin etterfølgjar. Tyskarane planla og legge av stad i påska, men kom seg ikkje av garde før i mai.[18]

Den tyske ruta endre

Dei tyske krossfararane, i lag med pavelegatar og kardinal Theodwin, hadde planar om å møte franskmennene i Konstantinopel. Ottokar III av Steiermark slo seg saman med Konrad i Wien, og fienden til Konrad, Geza II av Ungarn let dei passere gjennom landet uskadd. Då den tyske armeen på 20 000 mann kom til Austromarriket frykta Manuel at dei kom får å gå til åtak på han, og austromerske troppar vart sette ut for å sikre at det ikkje oppstod problem. Det vart nokre små samanstøytar med nokre av dei meir ustyrlege tyskarane nær Filippopolis og i Adrianopel, der den austromerske general Prosouch kjempa mot nevøen til Konrad, den framtidige keisar Fredrik. Enkelte tyske soldatar omkom òg i ein flaum som starta i september. 10. september kom tyskarane fram til Konstantinopel, der tilhøvet til Manuel var dårleg og tyskarane vart overtydd til å gå vidare inn i Vesleasia så fort som råd. Manuel ønskte at Konrad skulle la nokre av troppane hans vere attende i Konstantinopel for å gje forsvarsstøtte til eventuelle åtak frå Roger II, som hadde nytta høvet til å plyndre byar i Hellas, men Konrad ville ikkje dette, trass i at han òg var fiende av Roger II.[19] I Vesleasia valde Konrad å ikkje vente på franskmennene og marsjerte mot Ikonium, hovudstaden i det seldsjukkiske sultanatet Rüm. Konrad delte armeen sin i to divisjonar. Kongen førte den eine, som nesten vart fullstendig øydelagd av seldsjukkane den 25. oktober 1147 i det andre slaget ved Dorylaeum.[20]

I slaget nytta tyrkarane den vanlege taktikken sin med å late som dei trekte seg tilbake, for å så brått vende om å gå til åtak på ein liten tysk kavaleristyrke som hadde skild seg frå resten av den tyske armeen då dei jaga etter tyrkarane. Konrad trekte seg sakte tilbake til Konstantinopel, og armeen hans vart dagleg angripe av tyrkarane, som gjekk til åtak på etternølarar og baktroppen. Sjølv Konrad vart skadd i samanstøytane med dei. Den andre divisjonen, som var leia av halvbror til kongen, biskop Otto av Freising, hadde marsjerte sørover til kysten av Middelhavet og gjekk på eit liknande tap i 1148.[21]

Den franske ruta endre

Dei franske krossfararane hadde reist frå Metz i juni 1147, ført an av Ludvig av Alsace, Renaut I av Bar, Amadeus III av Savoie og halvbror hans Vilhelm V av Montferrat, Vilhelm VII av Auvergne og andre, i lag med armear frå Lorraine, Bretagne, Bourgogne og Aquitaine. Ein styrke frå Provence leia av Alphonse av Toulouse venta med utfarten til august, og kryssa så Middelhavet. Ut frå Worms førte Ludvig krossfararane frå Normandie og England. Dei følgde ruta til Konrad i stort sett fred og ro. Ludvig kom i konflikt med Geza av Ungarn etter at Geza oppdaga at Ludvig hadde lete ein ungarsk tronranar inn i armeen sin. Tilhøvet i Austromarriket var òg dårleg og armeen frå Lorraine, som hadde marsjert føre resten av franskmennene, kom i konflikt med tyskarane, som dei hadde teke igjen.[22]

 
Keisar Manuel I

Etter dei opphavlege forhandlingane mellom Ludvig og Manuel, hadde Manuel enda ein offensiv mot Sultanatat Rüm og signert ein våpenkvileavtale med fienden sultan Mesud I. Dette vart gjort slik at Manuel kunne fokusere på å forsvare riket sitt mot krossfararane, som hadde fått rykte på seg som røvarar og forrædarar etter det første krosstoget. Manuel mistenkte at dei hadde vonde planar mot Konstantinopel. Likevel hadde Manuel betre tilhøve til den franske armeen enn den tyske, og Ludvig vart godt teke hand om i byen. Somme franskmenn vart rasande på grunn av våpenkvileavtalen mellom Manuel og seldsjukkane og bad om ein allianse med Roger II og eit åtak på Konstantinopel, men dei vart haldne tilbake av Ludvig.[23]

Då armeane frå Savoie, Auvergne og Montferrat møtte Ludvig i Konstantinopel, etter å ha kryssa Italia frå Brindisi til Durazzo, vart heile armeen frakta over Bosporus til Vesleasia. Grekarane vart oppmuntra då dei høyrde at tyskarane hadde erobra Ikonium, men Manuel nekta å gje Ludvig austromerske troppar. Austromarriket hadde nettopp vorte invadert av Roger II av Sicilia, og Manuel trengde heile armeen sin på Balkan. Både tyskarane og franskmennene gjekk derfor inn i Asia utan støtte frå austromarane, i motsetnad til armeane under det første krosstoget. Manuel fekk òg franskmennene til å sverje om å gje tilbake områda dei erobra til Austromarriket, slik bestefaren Alexios I hadde gjort.[24] Franskmennene møtte restane av armeen til Konrad i Nikea, og Konrad slo seg saman med styrkane til Ludvig. Dei følgde ruta til Otto av Freising, nærare kysten av Middelhavet, og dei kom fram til Efesos i desember, der dei fekk vite at tyrkarane planla eit åtak mot dei. Manuel sende òg ambassadørar som klaga over plyndringa som styrkane til Ludvig hadde gjort langs vegen, og det var ingen garanti at austromarane ville støtte dei mot tyrkarane. Samstundes vart Konrad sjuk og reiste attende til Konstantinopel, der han fekk hjelp av Manuel personleg. Ludvig tok ikkje omsyn til åtvaringane om eit tyrkisk åtak og marsjerte ut frå Efesos med franskmennene og dei tyske styrkane. Tyrkarane venta på dei, men i eit lite slag utanfor Efesos gjekk franskmennene av med sigeren.[25]

Dei nådde Laodikea tidleg i januar 1148, om lag same tid som armeen til Otto av Freising vart øydelagd i same området.[26] Franskmennene marsjerte vidare og baktroppen leia av Amadeus av Savoie kom bort frå resten av armeen og troppane til Ludvig vart avskorne av tyrkarane. I følgje Odo av Deuil klatra Ludvig sjølv opp ein stein der han fekk vere i fred fordi tyrkarane ikkje kjende han att. Tyrkarane gav opp åtaket og franskmennene marsjerte til Adelia gjennom område som tyrkarane hadde sett i brann for å hindre at franskmennene fekk forsyningar til både seg sjølv og hestane sine. Under marsjen gjekk tyrkarane stadig til små åtak og Ludvig ønskte ikkje lenger å halde fram på land. I staden ville han samle ein flåte ved Adalia og segle til Antiokia.[20] Dei fleste skipa nådde ikkje fram i det heile, og dei som kom fram hadde vorte forseinka ein månad av uvêr. Ludvig og hans næraste gjekk om bord på skipa, medan resten av armeen måtte halde fram den lange marsjen til Antiokia. Store delar av armeen hadde vorte øydelagd, anten av tyrkarane eller av sjukdom.[27]

Reisa til Jerusalem endre

 
Raymond av Poitiers tar imot Ludvig VII i Antiokia.

Ludvig kom til slutt fram til Antiokia den 19. mars etter at uvêr hadde forseinka reisa hans. Amadeus av Savoie hadde døydde på Kypros under reisa. Ludvig vart teke imot av onkel til Eleanor, Raymond av Poitiers. Raymond forventa at han støtta dei mot tyrkarane og følgje med han i toktet mot Aleppo, men Ludvig ønskte ikkje dette. Han ville i staden gjere ferdig pilegrimsreisa si til Jerusalem og ikkje lenger fokusere på den militære sida av krosstoget.[28] Eleanor likte seg under opphaldet, men onkelen hennar ville at ho skulle vere att og skilje seg frå Ludvig om kongen nekta å hjelpe han. Ludvig drog raskt frå Antiokia mot Tripoli. Samstundes kom Otto av Freising og restane av troppane hans til Jerusalem tidleg i april, og Konrad kom like etter.[29] Patriarken Fulk av Jerusalem vart send for invitere Ludvig til tyskarane. Flåten som hadde stoppa i Lisboa kom òg fram på denne tida, saman med styrkane som hadde reist frå Europa under Alfonso Jordan, greve av Toulouse. Alfonso sjølv nådde ikkje fram til Jerusalem og hadde døydd i Caesarea. Han vart visstnok forgifta av Eleanor av Aquitaine eller Raymond II av Tripoli, nevøen som frykta for styret sitt i grevskapet. Hovudmålet med krosstoget var opphavleg Edessa, men målet som kong Baldvin III og Tempelriddarane sikta mot var Damaskus.[28]

Rådet i Akko endre

For meir om dette emnet, sjå rådet i Akko.

Adelen i Jerusalem tok vel imot troppane frå Europa og annonserte at det skulle haldast eit råd for å avgjere kva som var det beste målet for krossfararane. Rådet fann stad 24. juni 1148 då Haute Cour av Jerusalem møtte dei europeiske krossfararane ved Palmarea, nær Akko, ein stor by i Kongedømet Jerusalem. Dette var det viktigaste møtet medan Haute Cour eksisterte.[30] Ingen frå Antiokia, Tripoli eller det tidlegare grevskapet Edessa deltok på rådet, og både Ludvig og Konrad vart overtalt til å gå for eit åtak på Damaskus.[31]

Nokre av baronane frå Jerusalem påpeikte at det ikkje ville vere lurt å angripe Damaskus, sidan Burid-dynastiet var deira allierte mot Zengid-dynastiet, sjølv om dei var muslimar. Konrad, Ludvig og Baldvin insisterte på at Damaskus var ein heilag kristen by, og som Jerusalem og Antiokia ville det vere ein stor gevinst for dei kristne europearane. I juli samla armeane seg ved Tiberias og marsjerte mot Damaskus, rundt Genesaretsjøen via Banyas. Det var kanskje totalt 50 000 mann.[32]

Omleiringa av Damaskus endre

For meir om dette emnet, sjå omleiringa av Damaskus.

Krossfararane valde å gå til åtak på Damaskus frå vest, der frukthagane ville gje dei gode matforsyningar.[31] Dei kom fram til Daraiya den 23. juli. Dagen etter var muslimane klar til kamp og gjekk i eit konstant åtak gjennom frukthagane utanfor Damaskus. Forsvararane hadde søkt støtte hos Saif ad-Din Ghazi I av Aleppo og Nur ad-Din av Mosul, som personleg leia åtaket mot krossfararane. Krossfararane vart pressa tilbake frå bymurane og inn i frukthagane, der dei var sårbare for bakhalds- og geriljaåtak.[28]

I følgje Vilhelm av Tyre valde krossfararane den 27. juli og flytte seg til slettene på austsida av byen, som var dårlegare forsvart, men som hadde langt mindre mat og vatn.[31] Det vart nedskrive at Unur hadde muta leiarane til å flytte seg til ein stad som var dårlegare forsvart, og at Unur lovde å bryte alliansen med Nur ad-Din om krossfararane reiste heim att.[28] Samstundes hadde Nur ad-Din og Saif ad-Din no nådd fram til byen. Med Nur ad-Din på feltet var det umogeleg å dra tilbake til den betre stillinga på vestsida.[28] Dei lokale krossfararane nekta å halde fram omleiringa, og dei tre kongane hadde ikkje anna val enn å forlate byen.[31] Først valde Konrad, og sidan resten av armeen, og dra tilbake til Jerusalem den 28. juli, men heile vegen vart dei følgd av seldsjukkiske bogeskyttarar som heile tida skaut på dei frå avstand.[33]

Etterverknad endre

 
Middelhavsområdet etter det andre krosstoget i 1173.

Kvar av dei kristne styrkane følte at den andre hadde svikta.[31] Ein ny plan vart lagd for å angripe Ashkelon og Konrad tok troppane sine der, men fekk ikkje støtte frå dei andre, noko som kom av mangel på tillit etter den mislukka omleiringa av Damaskus. Denne gjensidige mistrua skulle vare ein heil generasjon etter nederlaget. Konrad drog frå Ashkelon til Konstantinopel for å danne ein allianse med Manuel. Ludvig vart verande att i Jerusalem til 1149.

Tilbake i Europa var Bernard av Clairvaux audmjuka av tapet. Bernard følte det var hans plikt å sende ei orsaking til paven og skreiv det inn i ei bok. Her forklarer han korleis syndene til krossfararane var årsaka til at dei mislukkast. Då han prøvde å kalle inn til eit tredje krosstog tok han fullstendig avstand frå det andre krosstoget.[34] Han døydde i 1153.[34]

Den vendiske krosstoget oppnådde blanda resultat. Saksarane klarte å halde på områda sine i Wagria og Polabia, medan heidningane framleis hadde kontroll over obodrittar-området aust for Lübeck. Saksarane fekk skatt hos høvding Niklot, starta kolonisering av bispedømet Havelberg og hadde frigjeve nokre danske fangar. Dei uforeinlege kristne leiarane såg på kvarandre med mistanke og skulda kvarandre for å ha sabotert felttoget. I Iberia var felttoga i Spania og omleiringa av Lisboa ein av dei få sigrane som dei kristne fekk under det andre krosstoget. Dei vert sett på som viktige ledd i den større Reconquista, som enda i 1492.[17]

I aust var situasjonen mykje mørkare for dei kristne. I Det heilage landet fekk det andre krosstoget langvarige konsekvensar for Jerusalem. Damaskus stolte ikkje lenger på krossfarar-kongedømet, og byen vart gjeve til Nur ad-Din i 1154. Baldvin III erobra til slutt Ashkelon i 1153, som førte Egypt inn i konflikten. Jerusalem rykte innover i Egypt og okkuperte Kairo ein kortare periode i 1160-åra.[35] Tilhøva til Austromarriket var blanda, og forsterkingar frå Europa vart det lite av etter det andre krosstoget. Kong Amalrik I av Jerusalem allierte seg med austromarane og deltok i ein invasjon av Egypt i 1169, men felttoget oppnådde ikkje stort. I 1171 vart Saladin, nevøen til ein av Nur ad-Din sine generalar, utnemnd til sultan av Egypt og samla Egypt og Syria slik at krossfararstatane vart heilt omringa. Samstundes enda alliansen med Austromarriket då Manuel I døydde i 1180. I 1187 invaderte Saladin kongedømet Jerusalem, og knuste krossfararhæren i slaget ved Hattin den 4. juli. Han erobra også Den sanne krossen, som dei kristne styrkane hadde hatt med seg på slagmarka. Seinare same året omleira og erobra Saladin Jerusalem, og sette dermed punktum for eit 88-årig kristent herredømme over byen. Styrkane hans drog vidare nordover og erobra alt utanom hovudstadane i krossfararstatane. Dette utløyste det tredje krosstoget.[36]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Second Crusade» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Steven Runciman (1952). A History of the Crusades, vol. II: The Kingdom of Jerusalem and the Frankish East, 1100-1187. Cambridge University Press.  [repr. Folio Society, 1994]
    • James Brundage (1962). The Crusades: A Documentary History. Milwaukee, WI: Marquette University Press. 
    • M. W. Baldwin (1969). The first hundred years. Madison, WI: University of Wisconsin Press. 
    • Joachim Herrmann (1970). Die Slawen in Deutschland. Berlin: Akademie-Verlag GmbH. s. 530. 
    • Geoffrey Barraclough (1984). The Origins of Modern Germany. New York: W. W. Norton & Company. s. 481. ISBN 0-393-30153-2. 
    • Jonathan Riley-Smith (1991). Atlas of the Crusades. New York: Facts on File. 
    • Norman Davies (1996). Europe: A History. Oxford: Oxford University Press. s. 1365. ISBN 0-06-097468-0. 
    • Eric Christiansen (1997). The Northern Crusades. London: Penguin Books. s. 287. ISBN 0-14-026653-4. 
  1. J. Norwhich, Byzantium: The Decline and Fall, 94
  2. J. Norwhich, Byzantium: The Decline and Fall, 95
  3. Durant (1950) s. 594.
  4. Bunson (1998) s.130.
  5. 5,0 5,1 Riley-Smith (1991) s.48
  6. Durant (1950) s. 391.
  7. Davies, s. 362
  8. Herrmann, s. 326
  9. Herrmann, s. 328
  10. Christiansen, s. 55
  11. Christiansen, s. 53
  12. Christiansen, s. 54
  13. Barraclough, s. 263
  14. Herrmann, s. 327
  15. 15,0 15,1 Runciman (1952) s. 258.
  16. 16,0 16,1 Riley-Smith (1991) p.48.
  17. 17,0 17,1 Riley-Smith (1991) s. 126.
  18. Runciman (1952) s. 257, 259.
  19. Runciman (1952) s.259-267.
  20. 20,0 20,1 Riley-Smith (1991) s. 50
  21. Runciman (1952) s. 267-270.
  22. Runciman (1952) s. 259-263.
  23. Runciman (1952) s. 268-269.
  24. Runciman (1952) s.269
  25. Runciman (1952) s. 270-271.
  26. Riley-Smith (1991) s. 51
  27. Runciman (1952) s. 272-273.
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 28,4 Brundage (1962) s. 115-121.
  29. Riley-Smith (1991) s. 49-50.
  30. Vilhelm av Tyre - E.A. Babcock and A.C. Krey (Columbia University Press, 1943), vol. 2, bk. 17, kap 1, s. 184-185.
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 31,4 Riley-Smith (1991) s. 50.
  32. Runciman (1952) s. 228-229.
  33. Baldwin (1969) s. 510.
  34. 34,0 34,1 Runciman (1952) s. 232-234 og s. 277.
  35. Riley-Smith (1991) s.56.
  36. Riley-Smith (1991) s.60.

Litteratur endre

Krosstog
Det andre krosstoget
DorylaeumLaodiceaDamaskus
Primære kjelder
  • Osbernus. De expugniatione Lyxbonensi. The Conquest of Lisbon. Redigert og sett om av Charles Wendell David. Columbia University Press, 1936.
  • Odo av Deuil. De profectione Ludovici VII in orientem. Redigert og sett om av Virginia Gingerick Berry. Columbia University Press, 1948.
  • Otto av Freising. Gesta Friderici I Imperatoris. The Deeds of Frederick Barbarossa. Redigert og sett om av Charles Christopher Mierow. Columbia University Press, 1953.
  • The Damascus Chronicle of the Crusaders, extracted and translated from the Chronicle of Ibn al-Qalanisi. Redigert og sett om av H. A. R. Gibb. London, 1932.
  • William av Tyre. A History of Deeds Done Beyond the Sea. Redigert og sett om av E. A. Babcock and A. C. Krey. Columbia University Press, 1943.
  • O City of Byzantium, Annals of Niketas Choniatēs, omsett av Harry J. Magoulias. Wayne State University Press, 1984.
  • John Cinnamus, Deeds of John and Manuel Comnenus, omsetjing av Charles M. Brand. Columbia University Press, 1976.
Sekundære kjelder
  • Kenneth Setton, red. A History of the Crusades, vol. I. University of Pennsylvania Press, 1958 (available online).
  • Gervers, Michael, red. The Second Crusade and the Cistercians. St. Martin's Press, 1992.
  • Phillips, Jonathan og Martin Hoch, eds. The Second Crusade: Scope and Consequences. Manchester University Press, 2001.
  • Jonathan Phillips (2007). The Second Crusade: Extending the Frontiers of Christendom. Yale University Press. 

Bakgrunnsstoff endre