'Anata
'Anata (arabisk skrift عناتا, hebraisk skrift ענאתא) er ein palestinsk by i Jerusalem guvernement, sentralt på Vestbreidda, fire kilometer nordaust for Gamlebyen i Jerusalem. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde 'Anata eit folketal på 9 600 i 2006.[2] Sidan 1967 har 'Anata vore okkupert av Israel. Landsbyen er avskoren frå Jerusalem av separasjonsmuren i vest, som vart bygd i 2004 på konfiskert palestinsk land. Han er avskoren frå resten av Vestbreidda av israelske busetjingar i aust.
'Anata | |||
عناتا, Anata | |||
kommune | |||
Namneopphav: Anata, førenamn[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerusalem guvernement | ||
Koordinatar | 31°48′46″N 35°15′43″E / 31.81278°N 35.26194°E | ||
Areal | 30,6 km² | ||
Folketal | 9 600 (2006) | ||
Folketettleik | 314 / km² | ||
Borgarmeister | Mohammad Mahmoud al-Rifai | ||
'Anata 31°48′46″N 35°15′43″E / 31.812777777778°N 35.261944444444°E | |||
Kart som viser 'Anata.
| |||
Wikimedia Commons: Anata |
Historie
endre'Anata er ein landsby på ein eldgammal stad, og fleire gamle bygningsmateriale er brukt om att i husa som står der i dag. Det er òg funne cisterner hogde ut i berget, i lag med grotter og eldgamle jordbruksterrassar.[3] Edward Robinson identifiserte 'Anata som den bibelske Anathoth, fødestaden til Jeremia.[4]
Ruinane av ei bysantinsk kyrkje ligg i byen, så ein trur staden var busett før den muslimske erobringa av Palestina av Rashidun-kalifatet.[5][6] Under den muslimske kringsetjinga av Jerusalem mot krossfararane, slo generalen og sultanen til ajjubidane, Saladin, leir i 'Anata før han gjekk vidare mot Jerusalem.
Osmansk tid
endreLandsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod 'Anata oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 10 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, frukttre, geiter og/eller bikubar.[7]
Landsbyen vart øydelagd av Ibrahim Pasha i 1832 etter eit pro-osmansk arabararopprøret mot det egyptiske styret. Då staden vart vitja av W. M. Thomson i 1850-åra, skildra han staden som ei «lita grend, delvis i ruinar, men han var ein gong mykje større, og verkar å ha hatt murar kring seg. Ein kan framleis sjå bitar av muren.»[8]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og skildra han som ein liten stad, på ein ås, med kring 200 innbyggjarar.[9]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «mellomstor landsby med hus i stein. Han står på ein rygg med fin utsikt mot nord og aust. Det står nokre få oliventre kring landsbyen, og ein brunn i vest og ein annan i søraust.»[10]
Det britiske mandatet
endreI folketeljinga i 1922 hadde 'Anata eit folketal på 285, alle muslimar.[11] Dette auka i 1931 til 438, framleis alle muslimar, i 98 hus.[12]
I 1945 'Anata eit folketal på 540, alle arabarar, med 18 496 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[13] Av dette var 353 mål var plantasjar og irrigert land, 2 645 nytta for korn,[14] medan 35 mål vart utbygd land.[15]
Etter 1948
endreEtter den arabisk-israelske krigen i 1948 kom 'Anata under Jordan sitt styre.
Sidan seksdagarskrigen i 1967 har 'Anata vore under israelsk okkupasjon.
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 283
- ↑ Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 899
- ↑ Robinson and Smith, 1841, vol 2, s. 109
- ↑ Sharon, Moshe (1997). Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, Vol. I, A. BRILL. ISBN 9004108335.
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 82
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117
- ↑ Thomson, 1859, vol 2, s. 548
- ↑ Guérin, 1869, s. 76 ff
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 7-8
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Jerusalem, s. 14
- ↑ Mills,1932, s. 37
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151
- Denne artikkelen bygger på «'Anata» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Clermont-Ganneau, Charles Simon (1896). [ARP] Archaeological Researches in Palestina 1873-1874, omsett frå fransk av J. McFarlane 2. London: Palestine Exploration Fund.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 2. Boston: Crocker & Brewster.
- Socin, A. (1879). «Alphabetisches Verzeichniss von Ortschaften des Paschalik Jerusalem». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins 2: 135–163.
- Thomson, William McClure (1859). The Land and the Book: Or, Biblical Illustrations Drawn from the Manners and Customs, the Scenes and Scenery, of the Holy Land 2 (1 utg.). New York: Harper & brothers.