Opna hovudmenyen

Ajjubide-dynastiet

(Omdirigert frå Ajjubidane)

Ajjubide-dynastiet (kurdisk دەوڵەتی ئەییووبی Dewleta Eyûbiyan; arabisk الأيوبيون al-ʾAyyūbiyyūn) var eit muslimsk dynasti av kurdarar[3] som herska over Egypt, Syria, Jemen (med unntak av dei nordlege fjella), Diyarbakir, Mekka, Hijaz og det nordlege Irak1100- og 1200-talet.

ایوبیان
الأيوبيون
Ajjubide-dynastiet
Rectangular green flag.svg
 
Zengid Dynasty 1127 - 1250 (AD).PNG
 
Armoiries de Jérusalem.svg
1171–1341 Mameluke Flag.svg

Flagget til Ajjubidane

Flagg

Plasseringa til Ajjubidane
Ajjubide-riket på det største under Saladin i 1188
Hovudstad Kairo (1174–1250)
Språk arabisk[1]
kurdisk
Religion Islam
Styreform Sultanat
Sultan
 - 1174–1193 Saladin (første)
 - 1331–1341 Al-Afdal (siste rapporterte)
Historie
 - Oppretta 1171
 - Opphøyrde 1341
Areal
 - 1190 est.[2] 2 000 000 km²
Innbyggjarar
 - 1100-talet est. 7 200 000 (estimat) 
Valuta Dinar
I dag ein del av Flag of Egypt.svg Egypt
Flag of Iraq.svg Irak
Flag of Israel.svg Israel
Flag of Jordan.svg Jordan
Flag of Lebanon.svg Libanon
Flag of Libya.svg Libya
Flag of Palestine.svg Palestina
Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Flag of Sudan.svg Sudan
Flag of Syria.svg Syria
Flag of Tunisia.svg Tunisia
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Flag of Yemen.svg Jemen

SaladinEndra

Ajjubide-dynastiet vart grunnlagt av Saladin (Salah al-Din) som saman med onkelen sin Shirkuh, erobra Egypt for leiaren til zengidane for den syriske provinsen, Nur ad-Din, emir av Damaskus og Aleppo, i 1169. Namnet Ayyub kjem frå far til Saladin og broren til Shirkuh, Najm ad-Din Ayyub. Då Shirkuh døydde, konsoliderte Saladin raskt makta og slo tilbake eit krossfararåtakDamietta same år. Han slo òg ned eit opprør blant svarte afrikanske soldatar. Saladin avsette den siste fatimid-kalifen i 1171, men han vart gradvis framandgjort frå den tidlegare herren sin, Nur ad-Din.

«Endå ein gong kjende Egypt ein ubestridd herre som var i stand til å organisere ressursane hennar i menn og velstand til å føre krig mot frankarane».[4] Allereie i 1170 plyndra Saladin krossfarardistriktet Gaza og Darum. Året etter tok han tilbake Eilat ved Aqababukta frå kongedømet Jerusalem. Han plyndra i 1171 og 1173 lena Montreal (Shobak) og Al Karak i Transjordan.

Då Nur ad-Din døydde i 1174, erklærte Saladin krig mot den ungen sonen til Nur ad-Din, As-Salih Ismail, og tok Damaskus. Ismail flykta til Aleppo der han heldt fram å gjere motstand mot Saladin til han vart myrda i 1181. Saladin tok i 1175 og 1176 kontroll over det indre av Syria, med unntak av Aleppo. Han erobra til og med Al Jazira i det nordlege Irak. Dermed gjorde han zengidane i Mosul og Sinjar og artukidane i Mardin og Diyarbakir til vasallane sine. Han oppnådde òg kontroll over Hijaz og Jemen.

Saladin vende merksemda si mot krossfararstatane igjen i 1177 ved å invadere kongedømet Jerusalem frå sør. Han møtte ikkje motstand til å byrje med, og han var uforsiktig då han lét styrkane spreie seg på leiting etter byte. Plutseleg gjekk kong Balduin IV av Jerusalem til åtak, og Saladin vart stygt slått i slaget ved Mont Gisard. Saladin var ikkje skremd av dette og invaderte dei frankiske statane frå vest og vann ein siger over Balduin i slaget ved Marj Ayyun i 1179. Året etter øydela han den nybygde krossfararborga Chastellet i slaget ved Jabboks vadestad. Han møtte Balduin igjen i felttoget i 1182, men slaget ved Belvoir førte heller ikkje til ei avgjerd. Saladin lét krossfararne vere i fred eitt år etter september 1182, men la Aleppo og nokre byar i Mesopotamia til riket sitt. Hausten 1183 gjekk han til åtak på det latinske kongedømet igjen i slaget ved Ain Tuba'un.[5]

Det viktigaste Saladin gjorde var sigeren hans mot krossfararstatane i slaget ved Hattin og erobringa av Jerusalem i 1187. I løpet av året hadde han erobra nesten heile kongedømet Jerusalem med unntak av Tyr som heldt ut under Konrad av Montferrat. Men Saladin stod snart ovanfor tilkoma til eit stort krosstog frå det vestlege Europa, det tredje krosstoget, leidd av dei tre største europeiske herskarane på den tida, Fredrik Barbarossa av Tyskland, Filip August av Frankrike og Rikard Løvehjarte av England. Fredrik døydde på vegen, men resten av krossfarararméane kringsette Akko som dei gjenerobra i 1191. Krossfararane, no samla under leiinga til Rikard, sigra over Saladin i slaget ved Arsuf, men klarte ikkje å ta tilbake dei indre områda. I staden underskreiv Rikard ei avtale med Saladin i 1192 som restaurerte kongedømet Jerusalem til ei kyststripe mellom Jaffa og Beirut. Det var den siste viktige hendinga i karrieren til Saladin, sidan han døydde året etter, i 1193.

Seinare herskararEndra

Saladin hadde innsett slektningane sine i arvelege fyrstedøme i landa sine, framfor å etablere eit sentralisert imperium. Difor herska broren til Saladin, al-Adil i al-Jazira og Transjordan, broren hans Toghtekin herska i Jemen, nevøane hans herska i Baalbek og Hamah og etterkomarane av Shirkuh herska i Homs. Resten av riket var delt opp då Saladin døydde mellom dei tre sønene hans: al-Afzal, den eldste, heldt Damaskus og var meint å vere overherre over heile imperiet, den andre, al-Aziz, tok Egypt og ein tredje, az-Zahir, herska i Aleppo.

Men snart byrja sønene til Saladin å krangle over delinga av imperiet. Al-Aziz og az-Zahir nekta å godta overherredømet til broren sin. Samstundes freista dei nordlege vasallane, zengidane og artukidane, å skaffe seg sjølvstende og setje inn att zengidisk styre i regionen. Broren til Saladin, Al-Adil, hindra desse forsøka, men situasjonen vart verande ustabil.

Imedan hadde sambanda mellom al-Aziz og al-Afdal nådd eit bristepunkt. Al-Aziz invaderte i 1194 Syria og nådde Damaskus. Al-Afdal bad om hjelp frå onkelen sin al-Adil, som mekla mellom brørne. Ei avtale vart inngått der Judea skulle avståast til al-Aziz og Latakia til az-Zahir, men begge skulle godta overherredømet til den eldre broren deira. Men denne avtala varte ikkje lenge. Al-Aziz invaderte igjen Syria i 1195. Al-Adil redda igjen al-Afdals, og al-Aziz vart tvinga til å trekkje seg tilbake til Egypt, men al-Adil hindra nevøen sin frå å ta Egypt frå al-Aziz. Men snart enda støtta al-Adil gav til al-Afdal, viss inkompetente styre framprovoserte misnøye i landet. Al-Aziz vart respektert som leiaren av dynastiet, og al-Adil herska i Damaskus.

Al-Aziz døydde i ei jaktulukke i november 1198. Han vart etterfølgt av den eldste sonen sin, al-Mansur, ein gut på tolv år. Ministrane til Al-Aziz var uroa for ambisjonane til al-Adil og bad al-Afdal fungere som regent i Egypt i namnet til den unge nevøen hans. Tidleg neste år, medan al-Adil var i nord og slo ned eit artukideopprør, møttest al-Afdal og az-Zahir i ein allianse mot han. Dei fekk støtte frå dei fleste av dei andre ayyubideprinsane. Al-Adil drog raskt tilbake til Damaskus då nevøane hans sine arméar nærma seg og etterlét den eldste sonen sin al-Kamil med ansvaret for operasjonane mot artukidane, men hærane til fiendane hans var sterke nok til å kringsetje onkelen deira i Damaskus i seks månader. Al-Adil brukte tida til å vinne støtte frå mange av tilhengarane til nevøane hans, og då al-Kamil kom med ein unnsetningsarmé i januar 1200, trekte brørne seg tilbake. Al-Adil følgde opp sigeren sin ved å invadere Egypt der han overtalte al-Afdal til igjen å trekkje seg tilbake til Salkhad. Al-Adil tok over styret over Egypt, men vart snart trua igjen i nord av az-Zahir som igjen fekk med seg al-Afdal.

Al-Adil klarte igjen å splitte fiendane sine og sikra til slutt at alle slektningane hans underkasta seg. I avtala som vart inngått, fekk az-Zahir tilbake Aleppo i slutten av 1201, og al-Afdal fekk Mayyafaraqin i nord, medan den unge al-Mansur måtte nøye seg med Edessa. Egypt, Damaskus og det meste av Al-Jazira var under direkte kontroll hos al-Adil. Tre av sønene hans, al-Kamil, al-Mu'azzam og al-Ashraf, fungerte som guvernørar. Al-Adil hadde dermed gjenoppretta eininga til ayyubideimperiet.

Ein liknande prosess gjentok seg etter Al-Adil døydde i 1218, og då sonen hans al-Kamil døydde i 1238, men ayyubidestaten som heilskap vart verande nokså sterk. Turanshah, den siste ayyubidesultanen i Egypt, vart i 1250 myrda og erstatta av den mamelukkiske slavegeneral Aibek som grunnla Bahri-dynastiet.

Ajjubidane heldt fram å styre Damaskus og Aleppo fram til 1260 då dei vart drivne ut av mongolane. Etter det mongolske nederlaget ved Ain Jalut seinare det året, fall det meste av Syria til mamelukkane. Lokale ayyubide-dynasti heldt fram å styre i delar av Syria (mest kjend Hamah) i ytterlegare 70 år til mamelukkane til slutt absorberte dei i 1334.

Ayyubid-sultanarEndra

Ayyubidar av EgyptEndra

Sultan År Merknader
Salah al-Din ibn Al-Ayubbi 11711193
Al-Aziz 11931198
Al-Mansur 11981200
Al-Adil I 12001218
Al-Kamil 12181238
Al-Adil II 12381240
As-Salih Ayyub 12401249
Al-Muazzam Turanshah 12491250
Al-Ashraf II 12501250 nominelt, det var i realiteten mamelukken Aibak som hersket

Ayyubidar av DamaskusEndra

Sultan År Merknader
Salah al-Din ibn Al-Ayubbi 11741193
Al-Afdal 11931196
Al-Adil I 11961218
Al-Mu'azzam 12181227
An-Nasir Dawud 12271229
Al-Ashraf 12291237
As-Salih Ismail 12371238 Første gong
Al-Kamil 1238
Al-Adil II 12381239
As-Salih Ayyub 1239 Første gong
As-Salih Ismail 12391245 Andre gong
As-Salih Ayyub 12451249 Andre gong
Al-Muazzam Turanshah 12491250
An-Nasir Yusuf 12501252

Ayyubidemirar av AleppoEndra

Sultan År Merknader
Salah al-Din ibn Al Ayubbi 11831193
Az-Zahir 11931216
Al-Aziz 12161236
An-Nasir Yusuf 12361260

Ayyubidar av HamahEndra

Sultan År Merknader
Al-Muzaffar I 11781191
Al-Mansur I 11911221
Al-Nasir 12211229
Al-Muzaffar II 12291244
Al-Mansur II 12441284
Al-Muzaffar III 12841300
Al-Muayyad 13101331
Al-Afdal 13311342

Ayyubidar av HomsEndra

Sultan År Merknader
Al-Qahir 11781186
Al-Mujahid 11861240
Al-Mansur 12401246
Al-Ashraf 12481263

Ayyubidar av MayyafariqinEndra

Sultan År Merknader
Saladin 11851193
Al-Adil I 11931200
Al-Awhad 12001210
Al-Ashraf 12101220
Al-Muzaffar 12201247
Al-Kamil 12471260

Ayyubidar av SinjarEndra

Sultan År Merknader
Al-Ashraf 12201229

Ayyubidar av Hisn KayfaEndra

Sultan År Merknader
As-Salih Ayyub 12321239
Al-Mu'azzam Turanshah 12391249
Al-Awhad 12491283 Denne rekka fortsette inn i det 16. hundreåret

Ayyubidar av JemenEndra

Sultan År Merknader
Al-Mu'azzam Turanshah 11731181
Al-Aziz Tughtegin 11811197
Muizz ud-Din Ismail 11971202
An-Nasir Ayyub 12021214
Al-Muzaffar Sulaiman 12141215
Al-Mas'ud Yusuf 12151229

Ayyubideemirar av KerakEndra

Sultan År Merknader
An-Nasir Dawud 12291249
Al-Mughlib 12491263

KjelderEndra

  1. Eastern Christianities (eleventh to fourteenth century): Copts, Melkites, Nestorians and Jacobites, Francoise Micheau, Cambridge History of Christianity: Eastern Christianity, Vol. 5, ed. Michael Angold, (Cambridge University Press, 2006), 391.
  2. Turchin, Peter; Adams, Jonathan M.; Hall, Thomas D (December 2006). «East-West Orientation of Historical Empires» (PDF). Journal of world-systems research 12 (2): 219–229. Henta 9 January 2012. 
  3. Saladin. The Columbia Encyclopedia, sjette utgåve
  4. Smail, s. 34
  5. Smail, s 35-36

BakgrunnsstoffEndra