Eddafeltet er eit oljefelt i Nordsjøen. Feltet ligg i blokk 2/7 på norsk kontinentalsokkel 12 km sørvest for Ekofisk-senteret. Det gjekk føre seg utvinning av petroleum frå feltet i tidsrommet frå 1979 til 1998. Oljeplattforma Edda 2/7 C vart installert på feltet i 1976 med oppstart av produksjonen i 1979. I 1988 vart ein ny modul installert for å handtera produksjonen som kom frå Tommeliten-feltet 11 km vest for Edda. Plattforma vart stengd ned i juli 1998.

Frå sommaren 1979 var flotellet «Alexander L. Kielland» forankra like ved Edda-plattforma. Den 27. mars 1980 velta «Alexander L. Kielland». I Alexander L. Kielland-ulukka omkom 123 av dei 212 som var om bord.

KjelderEndra

Sjå ògEndra