Ákhna
Ákhna (gresk Άχνα, tyrkisk Düzce) er ein distriktsby på Kypros og ein lokalstyrt busetnad i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.[2]
Ákhna Άχνα Düzce | |
---|---|
Hovudgata i den nye landsbyen Ákhna | |
Styresmakter | |
Land Distrikt |
Kypros Ammókhostos |
Geografi | |
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
2 087 |
Koordinatar | 35°3′19″N 33°47′4″E / 35.05528°N 33.78444°E |
Høgd over havet | 46 m |
Tidssone | UTC+2 (UTC) |
Plassering | |
Ákhna innafor distriktet Ammókhostos |
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 var busetnaden utanfor kontroll frå styresmaktene og vart fråflytta. Innbyggjarane budde først som flyktningar i ein teltleir nær den opphavlege landsbyen. Seinare vart det bygd opp ein ny landsby i Ákhnaskogen, Dasáki tis Ákhnas (gresk Δασάκι της Άχνας), innanfor det britiske baseområdet Dekélia, berre nokre hundre meter frå den gamle landsbyen.[3]
Ved folketeljinga i 2011 hadde den nye busetnaden 2 087 innbyggjarar.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Oversyn over kommunar og busetnader» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 4. juni 2016. Henta 17. september 2023.
- ↑ PRIO: Rapport om internt fordrivne på Kypros