Distrikt på Kypros
Eit distrikt (gresk επαρχία, eparkhía, tyrkisk kaza) utgjer ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Det er seks distrikt[1] som igjen er delte inn i 39 kommunar[2] og 485 lokalstyrte busetnader.[3]
Dei to britiske militærbasane Akrotíri og Dekélia i sør og søraust er Britiske oversjøiske territorium.[4]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld heile distriktet Kerýnia, det meste av distriktet Ammókhostos, ein stor del av distriktet Levkosía og ein liten del av distriktet Lárnaka, i alt ni kommunar og 135 lokalstyrte busetnader.[3][5]
Mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er det ein buffersone som er kontrollert av FN, ofte kalla «den grøne linja».
Referansar
endre- ↑ «Historical background» (på engelsk). Republic of Cyprus, District Administration Offices. Arkivert frå originalen 26. desember 2019. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ 3,0 3,1 «The Committee of the Regions and the Cyprus Presidency of the Council of the European Union» (PDF) (på engelsk). EU: Committee of the Regions. Arkivert frå originalen (PDF) 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Traktat om britiske basar på Kypros» (PDF) (på engelsk). Arkivert frå originalen (PDF) 26. april 2021. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Occupied Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.