Distriktet Ammókhostos
Distriktet Ammókhostos (gresk Επαρχία Αμμοχώστου, Eparkhía Ammokhóstou, tyrkisk Mağusa kazası eller Gazimağusa kazası) er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg aust på øya Kypros og har eit areal på 1 979 kvadratkilometer.[1]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har størstedelen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Gazimağusa og İskele, utanom landsbyen Afánia, som er overført til distriktet Lefkoşa.[2]
Folketal endre
Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):
År | Folketal | Kjelde |
---|---|---|
1901 | 48 508 | [1] |
1921 | 63 755 | [1] |
1931 | 71 472 | [1] |
1946 | 94 474 | [1] |
1960 | 114 309 | [1] |
1973 | 123 856 | [1] |
1976 | 23 359 | [3] |
1982 | 25 659 | [4] |
1992 | 30 798 | [5] |
2001 | 37 738 | [6] |
2011 | 46 629 | [7] |
Administrasjon endre
Distriktsadministrasjonen i eksil i byen Lárnaka representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Andréas Ktorídis.[8]
Kommunar og busetnader endre
Distriktet har åtte kommunar, av desse ligg fire i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[9] Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[7]
Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[2]
- Ammókhostos (Gazimağusa) (40 920)
- Lýsi (Akdoğan) (2 471)
- Akanthoú (Tatlısu) (1 459)
- Levkóniko (Geçitkale) (1 253)
Utanom kommunane har Ammókhostos 80 registrerte busetnader, av desse ligg alle utanom fem heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[10] Dei busetnadene som heilt eller delvis er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[7]
Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[2]
|
|
|
Ein busetnad har innbyggjarar på båe sider:[7][2]
- Akherítou (Güvercinlik) (Republikken Kypros 1 556, Nord-Kypros 911)
Referansar endre
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Gwillim Law (1999). Administrative Subdivisions of Countries: A Comprehensive World Reference. s. 102.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 1976» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 1982» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 1992» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 2001» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Heimeside for distriktsadministrasjonen» (på gresk). www.moi.gov.cy. Arkivert frå originalen 12. august 2020. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Occupied Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Oversyn over kommunar og busetnader» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 4. juni 2016. Henta 17. september 2023.