Åge Danielsen
Åge Danielsen (fødd 22. juni 1942 i Narvik) er ein sosialøkonom som var norsk administrerande direktør ved Rikshospitalet HF i Oslo frå 1997 til 2008.
Åge Danielsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. juni 1942 (82 år) Narvik |
Yrke | samfunnsøkonom |
Danielsen vart utnemnd til stillinga i statsråd i 1996, og tiltredde 1. februar 1997.[1] Tidlegare hadde han vore tilsett som fylkesrådmann i Nordland, direktør for Nordland distriktshøgskole, departementsråd i Forsvarsdepartementet og administrerande direktør i Statskonsult.
I februar 2008 vart det kjent at Åge Danielsen som sjukehusdirektør sette i gang bygging av sjukehotell på Radiumhospitalet utan at finansieringa var godkjend av dei rette styresmaktene. Byggeprosjektet hadde til då kosta 30 millionar kroner. Fleirtalet i sjukehusstyret vurderte tilhøvet og fann den 29. februar at føretaket var best tent med at administrerande direktør gjekk av.
Styreverv
endre- Styreleiar Norsk utenrikspolitisk institutt (1996-1999)
- Styreleiar Statistisk sentralbyrå (1994-2002),
- Styremedlem Norges allmennvitenskaplige forskningsråd (1987-1990)
- Styreleiar i Norges Råd for anvendt samfunnsforskning (NORAS) (1991-1993)
- Styreleiar for Svalbard Samfunnsdrift A/S (1989-1992)
- Styreleiar i Forsvarsbygg[2]
- Styreleiar i Bouvet ASA (2009 - )
Kjelde
endre- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 23:53.
Referansar
endre- ↑ Tidsskrift for Den norske Legeforening:Utsatt for utsettelser (intervju med Åge Danielsen)
- ↑ Rikshospitalet.no:Åge Danielsen takkar ja til ny direktørstilling (pressemelding, cache frå Google)
- «Åge_Danielsen» i Store norske leksikon, snl.no.