Åge Hovengen

norsk politikar

Åge Hovengen (21. desember 192719. oktober 2018) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Brandbu i Oppland. Han møtte på Stortinget frå Oppland og for Arbeidarpartiet i tida 1973-76 og 1977-89.

Åge Hovengen
Fødd21. desember 1927
Brandbu
Død19. oktober 2018 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Hovengen var son til ein verkstadeigar i Brandbu, der han var mekanikar frå 1942 til -46. I 1948 fullførte han Hærens bilfagskule på Helgelandsmoen, og arbeidde dei neste to åra som bilmekanikar. I 1950 reiste han i utanriksfart som maskinist eit års tid, deretter var han formann på ein anleggsverkstad i Canada. Åra 1952-55 dreiv han eigen bilverkstad på Toten. I 1955 kjøpte han småbruket Øvre Kårstad i Vestre Slidre og var gardbrukar til 1989.

Frå 1965 til -77 var Hovengen medlem i kommunestyret i Vestre Slidre. I tida 18. oktober 1973 til 15. januar 1976 møtte han på Stortinget som vararepresentant frå Oppland og for Arbeidarpartiet, medan representanten Thorstein Treholt var landbruksminister. Hovengen var då medlem i Landbrukskomiteen. Frå hausten 1977 var han representant med fast plass i Stortinget, medlem 1977-81 i Sosialkomitéen, 1981-85 i Justiskomitéen og 1985-89 i Landbrukskomitéen.

Hovengen markerte seg ofte til fordel for, eller på vegner av, folk som hadde vanskar med å kome til ords, eller sleit i livet, til dømes organisasjonen Rettferd for taperne. I 2002 vart han tildelt Fritt Ords honnørpris «for sitt dype og mangeårige engasjement for småkårsfolk og mennesker på kant med samfunnet».

Kjelder endre