Veggteppe er eit dekorativt tekstil ein kan henga på veggen. Det kan vera ein vevnad som biletvev eller dekorert med teknikkar som broderi, lappeteknikk eller måling.[1] Veggteppe treng ikkje vera innramma, og dekker ikkje heile veggen som tapet. Ofte er det storleiken og tilstanden på teppet som avgjer om ein har det på bakken eller veggen.[2]

Applikert veggteppe i silke frå Safavideriket på 1600-talet

Historie endre

 
Scene frå Apokalypse-teppa frå 1300-talet.

I mellomalderen blei det laga ei rekkje veggteppe med figurative bilete i Europa. Nokre av dei har bestått til moderne tid. Mange av teppa blei laga som biletvev, andre var broderte. Bayeuxteppet frå andre halvdel av 1000-talet og Høylandteppet frå 1100- eller 1200-talet er døme på broderte veggteppe med bilde av menneske knytte til historier. Baldisholteppet og Överhogdalstapeten frå 1000- eller 1100-talet og Skogbonaden frå 1200-talet er vovne teppe som også viser dyr og menneske.[3]

Frankrike blei sentralt i utviklinga av biletveven, og eit kjent døme herfrå er Apokalypse-teppa (Tenture de l'Apocalypse) laga i Paris mellom 1375 og 1380 som lenge var ved domkyrkja i Angers. Under renessansen laga franske og flamske atelier teppe som låg nær samtidig målarkunst i perspektiv og naturalistisk framstilling.[3]

Ludvig XIV av Frankrike gav støtte til biletveving, og den kongelege verkstaden les Gobelins blei kjend for meisterverk i gobelengstil. Også i resten av Europa blei det grunnlagd biletvevverkstader, nokre av dei med kongeleg støtte, som det kongelege danske flamskveverier i Helsingør skipa i 1578. I Noreg blei teknikkane særleg tekne i bruk av kvinner, ikkje laugsarbeidarar, og spreidde seg til landsbygda på 1600-talet. Motiva på teppa utvikla seg frå nokså naturalistiske til å bli meir stiliserte. Dei hadde ofte religiøs tyding.[3]

 
Veggbroderi med holbeinsaum.
 
Svensk veggbroderi med velkomstvers

Mindre veggbroderi kan ha utvikla seg frå øvingsarbeid. Dette var typisk stykke laga av unge jenter for å utvikla og visa fram broderievnene sine. På 1700-talet blei desse stykka mindre og meir dekorative, slik at dei passa som veggteppe.[4] Evnerike broderarar kunne etterlikna måleri, og til dømes Mary Linwood hadde suksess med å stilla ut broderia sine.[5] Elles kunne veggbroderi omfatta border, bilde, kart, ulike tekstar eller eit heilt alfabet.[6] Eit enkelt bibelvers, ei bøn, eit vers eller eit ordtak kunne også broderast til ei hustavle til å ha på veggen.[7] Dei fleste tekstane var oppbyggelege, men ein del kunne uttrykka opprør.[5] På 2000-talet voks såkalla «geriljabroderi» med meir uventa tekstar fram som ein retning.[8][9]

Medan biletvev hadde gått tilbake på 1800-talet, voks interessa for han att med kunstrørsler som jugendstil og arts and crafts.[3] I Storbritannia fann William Morris inspirasjon i gamle veggteppe og utvikla broderi og etterkvart vevnadar som minna om desse, tidvis i ein bevisst falma stil.[10] Franske Jean Lurçat utvikla tekstilkunst knytt til ekspresjonismen.[11] I Noreg var Frida Hansen viktig for utviklinga av moderne tekstilkunst gjennom veving og undervising, medan Hannah Ryggen utvikla ein fri, ekspressiv stil frå 1930-talet av.[3]

Tradisjonar i Noreg endre

Åkle er ein norsk teppevevingstradisjon som ofte har enkle geometriske mønster. Slike teppe kunne hengast opp i kyrkjerom og opphaldsrom ved særskilde høve, som jul og bryllaup.[12] Slike veggteppe kan vera ein del av dekoren i moderne heimar, og kan hengast frå særskilde åklebeslag av metall.[13]

Tradisjonar i Sverige endre

 
Svensk biletteppe av måla lin frå 1818, no ved Metropolitan Museum of Art.

Bonadsmålning der ein måla vevnader med bilde var utbreidde i fleire land i mellomalderen, og blei verande ein sørsvensk tradisjon også etter at han blei rekna som umoderne elles.[14] Tradisjonen heldt seg i Småland, Halland og tilgrensande delar av Västergötland og Blekinge. Måleri på vev byrja kring 1750 å erstatta og komplettera vovne drättadukar i sørgotlandske högloftstugor. Dei blei først utførte av utdanna bymålarar, men på 1750-talet voks eit folkeleg bonadsmåleri fram. På grunn av den skadelege elden ein hadde i romma var dei berre der oppe ei kort tid, oftast rundt jul og ved festlege høve. Ein bonad kunne òg vera av papir, noko som blei innført kring 1800.[15]

Til skilnad frå tapet er veggteppe «laust» hengt opp på veggen, til dømes med limband, spikar eller stifter. Veggteppe blei etterkvart ofte erstatta av først kistebrev og seinare importerte fargelitografi og oljetrykk som veggdekorasjonar.

Oppheng endre

Om ein skal henga opp teppe bør ein sikra at tyngden deira er jamnt fordelt. Dette kan ein oppnå ved å festa eit hylster til ei stong, ei borrelåsramse eller fôr, kartong eller ei plate på baksida.[2] Ein kan også laga hemper på teppa.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Nationalencyklopedin multimedia plus, 2000 (oppslagsordet Bonad)
  2. 2,0 2,1 Peacock, Elizabeth (2008). «Ta vare på dine gamle gjenstander: tepper og matter». SPOR. s. 42-44. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Kjellberg, Anne (20. november 2020). «billedvev». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. «Threads of History by Jo Verso | Cross Stitch Basics - Stitchers' Study - The Cross Stitch Guild», www.thecrossstitchguild.com, henta 2. juni 2021 
  5. 5,0 5,1 Parker, Rozsika; Pollock, Griselda (1. oktober 2020), Old Mistresses: Women, Art and Ideology (på engelsk), Bloomsbury Publishing, s. 76, ISBN 978-1-350-14919-9, henta 2. juni 2021 
  6. «V&A · Embroidery – a history of needlework samplers», Victoria and Albert Museum (på engelsk), henta 31. mai 2021 
  7. «Å 'skilte' sitt hjem», For Bibel og Bekjennelse (på engelsk), henta 31. mai 2021 
  8. Østmoe, Marte, «'Ingen kuk er hardere enn livet'», www.klikk.no (på norsk), henta 2. juni 2021 
  9. «Geriljabroderi - den yngre generasjons broderi», ovre-eiker.kommune.no, henta 2. juni 2021 
  10. «V&A · William Morris textiles», Victoria and Albert Museum (på engelsk), henta 2. juni 2021 
  11. Linder, Mats (20. februar 2020). «Jean Lurçat». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  12. Helga Reidun Bergebakken Nesset. «Åkler i Nord-Østerdalen». 
  13. Åklebeslag, 65 cm - RK-Smia.no (på norsk bokmål), henta 6. juni 2021 
  14. ”Äldre bonadsmåleri”, artikel av Maj Nodermann i årsskriften Halland 1990
  15. Nationalencyklopedin multimedia plus, 2000 (uppslagsord Bonadsmålning)

Bakgrunnsstoff endre