ÅmliAvisa er ei lokalavis for Åmli kommune i Agder og nabogrendene. Ansvarleg redaktør er Camilla Glad. Papiravisa blir gjeven ut éin gong i veka, på torsdagar.

Avisa kom ut med første nummer i mars 2008.[1] Selskapet som står bak avisa er ÅmliAvisa AS, som er eigd av 107 aksjonærar: enkeltpersonar, lag, organisasjonar, bedrifter og Åmli kommune.

ÅmliAvisa fekk i juni 2008 prisen Årets nynorskbrukar, då ved redaktør Inger Stavelin.[2] Opplagstala i 2016 var 1215 for papiravisa.[3]

RedaktørarEndra

  • Inger Stavelin (2008–2010)
  • Peter Svalheim (2010–2013)
  • Esben Holm Eskelund (januar til september 2014)
  • Baard Larsen (oktober 2014 til mai 2015)
  • Camilla Glad (mai 2015)

KjelderEndra

  1. «Åmli kommune, Aust-Agder». Allkunne. 18. desember 2017. Henta 16. november 2019. 
  2. «Årets nynorskbrukar». Allkunne. 7. mars 2019. Henta 16. november 2019. 
  3. «ÅmliAvisa». Store norske leksikon. 30. mars 2018. Henta 16. november 2019. 

BakgrunnsstoffEndra