Torsdag
Veka |
---|
Torsdag er dagen mellom onsdag og fredag. Han er kalla opp etter den norrøne guden Tor.
Etter den europeiske standarden ISO 8601 er det torsdagane som avgjer kva nummer ei veke skal ha. Veke 1 er definert som veka som inneheld årets første torsdag.
I Storbritannia held ein som regel val på torsdagar. Dette skal ha blitt innført for å sikra høg deltaking; veljarar ville ha brukt opp vekeslønninga si, som blei betalt kvar fredag, og dermed vera edru og klare til å røysta.
Tilknytingar
endreI den romerske kalenderen var dagen tileigna Jupiter, dies Jovis, noko som kan tyda på at Tor svara meir til den romerske herskarguden enn Odin gjorde.
Innan hinduismen er torsdag guruvár, dagen til Guru, som i dette tilfellet er sanskritnamnet til planeten Jupiter. Opphavleg var den astronomiske tilknytinga til dagane i veka viktigare enn den religiøse.
Kjende torsdagar
endre- Skjærtorsdag, ein del av påskeveka
- Helgatorsdag, eller Kristi himmelfartsdag