Årø
Årø er ein stad i utkanten av Molde. Årø har ein del industri og nokre handelsbedrifter og er eit viktig trafikknutepunkt der riksveg 64 mellom Åndalsnes og Kristiansund kryssar E39 like ved Molde lufthamn, Årø.
Årø | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Årø 62°45′05″N 7°16′00″E / 62.7514°N 7.26667°E |
Namnet
endreNorrønt Árøy, samansett av ár, genitiv av å (mindre elv) og øy, flat strekning ved vatn. Offisiell skrivemåte var til 1995 Årøy, i samsvar med eldre uttale.
I matrikkelen består staden av Årø ytre (gnr. 33), Årø indre (gnr. 34) og Årøneset (gnr. 35) i Molde kommune.
Årø ligg om lag 5 km aust for Molde sentrum ved Fannefjorden. Molde Lufthamn ligg ved utløpet av Årøelva på Årø. Av øvrige store bedrifter på Årø finn ein Oskar Sylte Mineralvannfabrikk og Brunvoll thruster. Årø har òg hatt konfeksjonsindustri då Høvding Konfeksjonsfabrikk hadde produksjon der. Området er derimot ikkje noko industristad, men eit bustadområde som består av av einebustader bygd i åra frå om lag 1960 og framover til Molde Lufthamn opna i 1972 og det vart innført begrensingar i nyetableringane. Desse begrensingane vart seinare oppheva og dei seinare åra er det bygd fleire nye einebustader på Årø. Det ligg òg nokre større, eldre og staselege gardar, som til dømes Krohngården, på Årø.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Årø» frå Wikipedia på bokmål, den 21. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Finansdepartementet. Matrikkelutkastet av 1950 (digital utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet): Møre og Romsdal, Bolsøy
- O. Rygh: Norske Gaardnamne (Fabritius, Kristiania 1897–1936; digital utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet): b. 13, s. 3 & 281
- Statens kartverk. Noregsglasset Arkivert 2005-06-25 ved Wayback Machine.