Oskar Sylte Mineralvannfabrikk

Oskar Sylte Mineralvannfabrikk AS er ein mineralvassprodusent i Molde, grunnlagd i 1929. Aksjeselskapet har i dag 90 tilsette, og hadde ein omsetnad på 270 millionar kroner i 2003, med eit overskot på 15,5 millionar. Det mest kjende produktet deira er «brus med ananassmak».

Oskar Sylte Mineralvannfabrikk

HistorieEndra

Starten for fabrikken var i Molde i 1929. Oskar Sylte (1905–1974) kom til byen som ungdom, og etablerte eiga agentur- og kommisjonsforretning etter å ha vore visargut i ulike lokale firma. Han dreiv med fisk, vilt og is, hadde eige ishus på Romsdalsmuseet, og leverte ferskmat til alle turistskipa som kom til byen. Oskar Sylte tente store pengar på fisk eit år makrellen hadde svikta på Sørlandet, og 24 år gamal kjøpte han inn maskinar til brusproduksjon i den gamle meierigarden i Molde.

Etter kvart slutta han med kjøt og fisk, og konsentrerte seg om brusproduksjon. I tillegg hadde han ølagentur for Frydenlunds Bryggeri i Oslo. Då Oskar Sylte måtte velje mellom øl- og brusproduksjon, valde han det siste.

Bombinga av Molde under krigen i 1940 råka Sylte òg. Etter gjenoppbygginga heldt han fram verksemda i Kirkebakken, og bygde seinare eit nytt fabrikklokale i Vektergata. På 1960-talet utvida Sylte marknadsområdet frå Romsdal til Nordmøre og Sunnmøre. Seinare vart det òg etablert eit stort lager i Ålesund.

Gründeren Oskar Sylte dreiv verksemda gjennom fleire tiår. På 1960-talet kom sønene Steinar og Oskar Dag inn som høvesvis administrerande direktør og salssjef. Seinare vart Steinar styreformann og Oskar Dag administrerande direktør.

I 1973 flytta Sylte verksemda frå Molde sentrum til eit nytt og større lokale på Årø, eit stykke utanfor byen. Nokre kritikarar meinte at det var urealistisk og naivt å byggje eit så stort anlegg, men bygget er seinare vorte utvida fleire gonger, og er i dag dobbelt så stort som det var i 1973.

Gunstige sukkerkontraktar Steinar Sylte fekk på tida då bygget vart reist hjelpte verksemda seinare. Like etter steig nemleg sukkerprisane kraftig.

I 1989 fekk Sylte-brørne ei avtale med Ringnes og sleppte konsernet inn på eigarsida med ein lut på 44 prosent. Det tydde at dei hadde kontrollen lokalt. I utgangspunktet forhandla brørne med Hansa i Bergen, men Ringnes gav dei ei betre avtale.

BrusEndra

«Flaggskipet» til verksemda er brus med ananassmak. Han er like gamal som verksemda sjølv. Verksemda er òg ein del av Solo-historia i Noreg. Oskar Sylte var ein av gründerane bak Solo, som vart introdusert i 1934, og produserte brusen frå dag éin. Produktet vart marknadsført under slagordet «Syltes Solo først som tørst». Verksemda er framleis medeigar i Solo.[1]

Eit anna populært produkt frå eigen stall er brus med pæresmak, som er lett attkjennande med den knallgrøne fargen.

På byrjinga av 1960-talet byrja fabrikken å tappe Pepsi-Cola, som fekk stor tyding for verksemda. Pepsi blei i ein periode erstatta av erkerivalen Coca-Cola. I dag tappar Sylte igjen Pepsi.

Tidleg på 1970-talet drog Steinar og Oskar Dag Sylte til London og inngjekk ei avtale med mineralvassgiganten Schweppes. Ho har òg hatt stort verd for verksemda.

Sjå ogsåEndra

FotnotarEndra

  1. Pettersen, Bjørn Hugo (09.05.2009). «Gammel og gul». siste.no. Henta 11. juli 2009. «Varemerket Solo er eigd av marknadsføringsselskapet AS Solo, som er eigd av mineralvatnprodusentane Ringnes (78 prosent), Mack i Tromsø, Aass i Drammen og Oskar Sylte Mineralfabrikk i Molde.»