Åram kyrkje
Åram kyrkje er ei langkyrkje frå 1927 på Åramneset i Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Kyrkja høyrer til Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme og er såleis eit bygg for Den norske Kyrkja. Gravplassen ved kyrkja vart teken i bruk på same tid som kyrkja vart innvigd.
Eit tilbygg med toalett vart sett opp framom hovudinngangen i 1964. I 1987 vart bygningen isolert då ein la ny kledning på utsida av den eksisterande. Samstundes vart vindauga skifta og golvet isolert.
Byggverket er i tre og har 300 sitjeplassar.
BakgrunnsstoffEndra
- Åram kyrkje hos kulturnett.no
- Vis Åram kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren