Åramsundet er eit sund mellom Åramneset ved garden Åram på fastlandet i Vanylven og øya Voksa i Sande. Sundet knyter saman Haugsfjorden vest for Åramsundet, med Hallefjorden i aust. I sundet er det mange holmar, skjer, fluer og grynner, men midt i sundet er det ei djup som renne der også store skip kan passere.

Den indre skipsleia frå Stadhavet går inn Vanylvsgapet, over Haugsfjorden gjennom Åramsundet og vidare over Hallefjorden, gjennom Rovdefjorden og Vartdalsfjorden til Storfjorden. «For å trygge ferdsla gjennom Åramsundet vart det i 1875 bygt eit seglmerke på skjeret Bleka, i 1885 vart det bygt fyr på Åramsholmen og i 1910 lagt ut lysbøye ved leia».

Kjelder endre

  • Sandesoga, Band II, Volda 1996