Haugsfjorden i Møre og Romsdal
Haugsfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Vanylven og Sande på Sunnmøre. Han er om lag 5,5 km lang og 2 km brei. Fjorden ligg mellom Hakallestranda i sør og Kvamsøya, Storholmen og Haugsholmen i Sande kommune i nord og vest.
Fjorden strekkjer seg frå Åramsundet i nordaust og går over i Vanylvsfjorden i sørvest. På andre sida av Åramsundet ligg Hallefjorden. Den største djupna i fjorden er 83 m. Turistskip som går inn nord for Stad og inn Vanylvsgapet, Haugsfjorden, Rovdefjorden og vidare Vartdalsfjorden, kan oppleve ein samanhengande fjord heilt inn til Geiranger.