Åse Gunhild Woie Duesund

norsk politikar

Åse Gunhild Woie Duesund (fødd 18. april 1944 i Grimstad) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder i 1997 og sat i tre periodar. Duesund var fylkesvaraordførar i Aust-Agder i perioden 19931995.

Åse Gunhild Woie Duesund
Fødd18. april 1944 (80 år)
Grimstad
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Ho er utdanna fysioterapeut frå Statens fysioterapihøgskole (1969). Duesund har arbeidd som fysioterapeut, og som lærar i den vidaregåande skulen.

Ho var medlem av Aust-Agder fylkesting 1987–1997, dei siste fire åra som heiltidspolitikar. Ho var medlem av fylkesstyret i Aust-Agder KrF frå 1993 til 2001 og sentralstyret i KrF frå 1999 til 2003. I den fyrste perioden hennar på Stortinget var ho medlem av Den utvida utanrikskomiteen, Fullmaktskomiteen og Sosialkomiteen, i tillegg til at ho var delegat til generalforsamlinga i SN. I perioden frå 2001 til 2005 var ho andre nestleiar i Sosialkomiteen og medlem av Fullmaktskomiteen. I siste noverande perioden var ho medlem av Arbeids- og sosialkomiteen. Ho har også vore medlem av styret til KrF si stortingsgruppe i store delar av dei periodane ho har sete på Stortinget.

Bakgrunnsstoff endre