Opna hovudmenyen

Åsmund Sveen (28. april 191031. januar 1963) var ein norsk forfattar frå Sørskogbygda i Elverum. Lyrikken hans er tydeleg inspirert av vitalismen.

Åsmund Sveen
Åsmund Sveen.jpg
Fødd 28. april 1910
Elverum
Død

31. januar 1963

Yrke lyrikar, skribent

Sveen var medlem av Nasjonal Samling og ein sentral kulturpolitikar under den andre verdskrigen. Etter krigen var han lenge hindra i å gje ut bøker.

Sveen var forholdsvis ope homofil.

BibliografiEndra

  • 1932 – Andletet (Oslo: Gyldendal. Dikt).
  • 1933 – Jordelden (Oslo: Gyldendal. Dikt).
  • 1935 – Eros syng (Oslo: Gyldendal. Dikt).
  • 1937 – Svartjord (Oslo: Gyldendal. Roman. 2. utgåve med etterord av A. Kittang, 1976)
  • 1940 – Såmannen (Oslo: Gyldendal. Dikt).
  • 1943 – Bygdeviser. Ord og tonar (Oslo: Gyldendal. Ny utgåve 1970).
  • 1963 – Brunnen (Oslo: Cappelen. Dikt, posthumt).
  • 1966 – Tonemesteren (Oslo: Cappelen. Dikt, posthumt).
  • 1970 – Bygdeviser (Oslo: Den norske bokklubben. Posthumt).
  • 1995 – Etterkrigsdikt (Oslo: Cappelen. Samla utgåve av Brunnen og Tonemesteren med etterord av Knut Imerslund).
  • 2010 – Dikt i utval (Vallset: Oplandske bokforlag. Ved Knut Imerslund og Knut Ødegård).

Det finst også ei brevsamling etter Sveen i familien si eige.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • Jan Olav Gatland: Det andre mennesket. Eit portrett av Åsmund Sveen (Oslo: Samlaget, 2003).
  • Svanaug Steinnes: Ei kjelde djup. Diktinga og livet til Åsmund Sveen (Oslo/Høvik: S. Steinnes, 2003).