Fasanøya

(Omdirigert frå Île des Faisans)

Fasanøya (fransk Île des Faisans, Île de l’hôpital eller Île de la Conférence; spansk Isla de los Faisanes; baskisk Konpantzia) er ei elveøy i Bidasoa. Øya er eit kondominat, styrt av både Frankrike og Spania, og administrert av Irun (i Guipuzcoa i Spania) og Hendaye (i Pyrénées-Atlantiques i Frankrike), som styrer øya i periodar på seks månadar kvar. Ho har eit areal på 2 000 m², og vert kunstig verna frå straumane i elva.

Fasanøya
øy
Land  Frankrike,  Spania
Areal 0,00682 km²
Folketal 0
Kart
Fasanøya
43°20′34″N 1°45′56″W / 43.342778°N 1.7655°W / 43.342778; -1.7655
Wikimedia Commons: Pheasant Island

Den viktigaste historiske hendinga som fann stad på øya var signeringa av Pyrenefreden etter ei rekkje av 24 møter mellom Luis de Haro og kardinal Mazarin i 1659 for å ende Trettiårskrigen. Ein monolitt vart reist på midten av øya for å minne hendinga.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Fasanøya