Öjersjö er ein svensk tettstad i Partille kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 2 739 innbyggjarar.

Öjersjö
busetnad
Land  Sverige
Areal 267 km²
Folketal 4 821 (31. desember 2020)
Kart
Öjersjö
57°41′56″N 12°08′04″E / 57.69882272843°N 12.134479628154°E / 57.69882272843; 12.134479628154

Historie endre

Ein finn ein særskilt type kulturlandskap i Öjersjö. Her skil landskapet seg frå dei mer fruktbare dalane, og ein ser spor etter korleis det var drive jordbruk i skogstrakter. Steinrøyser vitnar om strevet det kosta å dyrke denne jorda. Staden Öjersjö blei etablert på 1500- og 1600-talet. Bygda bestod av seks gardar som seinare blei oppdelt til tolv.

Öjersjö var deretter eit skogvokse hytteområde for middelklassen i Göteborg. I 1950-åra byrja ein å bygge heilårsbustader. Hytter blei ombygd til helårsbustader eller rivne til fordel for nye villaer. På 1980-talet skaut villabygginga fart, og i dag er det nesten ingen hytter eller ledige tomter igjen.

Opphavet til namnet Öjersjö har ikkje noko med sjø å gjere. Det kjem av Øiars röjning (norsk: Øiars rydning)[1] ein nybyggar ved namn Øiar ryddet seg jord i området på 1400-talet for å skape seg ein buplass. Etter alle år har opphavet til namnet gått i gløymeboka, og ordet sjø har i staden snike seg inn i stadnamnet.

Öjersjö er i dag blant dei dyraste bustadområda i Partille kommune. Plasseringa ved Kåsjön og Knipeflågbergens naturreservat, som igjen grensar til Delsjöområdets naturreservat, gjer Öjersjö til eit attraktivt buområde. Kåsjön utgjer i dag drikkevassreservoaret til Partille kommune.

Folkesetnaden har auka med 25 prosent frå 2000 til 2007, frå 2690 innbyggjarar til 3361. I følgje kommunen er innbyggjartalet venta å stige med ytterlegare 15 prosent innan 2012.

Kommunikasjon endre

Til Göteborg tar det ca. 10 minutter med bil og 18 minutter med buss. Det er ca. 12 km til Landvetter lufthamn.

Kjelder endre

  1. Svenskt ortnamnslexikon 2003, side 387