Øivind Andersen
Øivind Andersen (fødd 12. oktober 1944) er ein norsk professor i klassiske fag (gresk og latin) ved Universitetet i Oslo.
Øivind Andersen | |||
Fødd | 12. oktober 1944 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | klassisk filolog, lingvist, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Academia Europaea |
Han vart cand. philol. i 1973 ved Universitetet i Oslo (med faga filosofi, latin og gresk hovudfag). Han vart så dr. philos. i 1976 ved same stad med avhandlinga Paradeigmata. Beiträge zum Verständnis der Ilias om Iliaden.
I 1978–79 var han førsteamanuensis i antikkens historie ved Historisk institutt ved Universitetet i Oslo. Så var han i perioden 1980–1996 professor i klassiske fag ved Historisk institutt ved Universitetet i Trondheim. Frå 1997 var han professor i klassisk filologi ved Universitetet i Oslo. Han var redaktør for tidsskriftet Symbolae Osloenses i perioden 2005–13.
Andersen er ein kjent formidlar av den antikke arven i den norske ålmenta i tillegg til dei faglege bidraga sine. Han var styrar for Det norske institutt i Athen frå 1989 til 1993.
Boka I retorikkens hage vart gjeven ut første gong i 1995, og er no komme i 5 opplag. Boka er òg omsett til tysk (ISBN 9788200219699).
Han er òg medlem av styret til Abelprisen.
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Øivind Andersen» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2021.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Øivind Andersen i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Publikasjonar av Øivind Andersen i BIBSYS