Øn kyrkje

kyrkje i Hyllestad kommune

Øn kyrkje er ei langkyrkje frå 1958 på Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden i Hyllestad kommune i Vestland. Kyrkja er den fjerde kjende i tidlegare Øn sokn, og ho erstatta ei trekyrkje frå 1880 som brann ned etter lynnedslag 4. november 1940.

Øn kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Hyllestad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Hyllestad
Fellesråd Hyllestad
Type Langkyrkje
Arkitekt Ole Halvorsen
Material Tegl og betong
Innvigd 15. juni 1958
Sitjeplassar 370
Kart
Øn kyrkje
61°13′33″N 5°10′16″E / 61.2257°N 5.1712°E / 61.2257; 5.1712
Wikimedia Commons: Øn kirke
Altarskåp frå ca. 1515 frå den kyrkja som brann i 1940, no i Bergen Museum.
Foto: Arild Nybø

Fyrste gongen ei kyrkje på Øn er nemn i skriftlege kjelder er 1327. Den gamle kyrkjestaden var på Øn tre kilometer lenger inne i fjorden. Kyrkjegarden på den gamle kyrkjestaden vert framleis brukt og det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja på Sørbøvåg.

Øn kyrkje var soknekyrkje i Øn sokn fram til dei tre sokna i Hyllestad prestegjeld vart slegne saman til eitt sams Hyllestad sokn i 2001.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre