Hyllestad kommune

kommune i Vestland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Hyllestad prestegjeld)

61°10′N 5°18′E / 61.167°N 5.300°E / 61.167; 5.300

Hyllestad kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Hyllestad
Areal 258,90 km²
 •  land 247,89 km²
 •  vatn 11,01 km²
Folketal 1 268  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Kjell Eide (Ap)
Kommunenr. 4637
Kart
Hyllestad kommune
61°10′15″N 5°17′35″E / 61.170833333333°N 5.2930555555556°E / 61.170833333333; 5.2930555555556
Kart som viser Hyllestad kommune.
Kart som viser Hyllestad kommune.
Kart som viser Hyllestad kommune.
Wikimedia Commons: Hyllestad
Nettstad: www.hyllestad.kommune.no
Kommunehuset og Norsk kvernsteinsenter
Kvernsteinsparken i Hyllestad

Hyllestad er ein norsk kommune i Vestland fylke.

Kommunen grensar i nord mot Fjaler og i aust mot Høyanger. Sognefjorden dannar grense mot Gulen kommune i sør, mens Solund kommune ligg i sørvest. Hyllestad hadde 1268 innbyggjarar per 1.1.2023.[1]

Kjennemerke

endre

Hyllestad har den siste tida vorte kjent for kvernsteinproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. Kvernsteinsproduksjonen vert for tida granska av folk frå Universitetet i Bergen.

Lihesten, eit landemerke på vestlandskysten er det høgaste fjellet i kommunen

Næringsliv

endre

Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlag for størsteparten av sysselsetjinga i Hyllestad. Hjørnesteinsverksemda er båtverftet Havyard Leirvik.

Kommunesoge

endre

Hyllestad kommune vart skipa den 1. juli 1861 ved at Hyllestad og Øn sokn vart skilde ut frå Askvoll kommune og slegne saman med sokn frå Lavik kommune.[2] Ved skipinga budde det 2475 personar i Hyllestad kommune.[3] I 1888 vart garden Krakken med 17 innbyggjarar overført frå Hyllestad kommune til Solund kommune.[4]

Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1920 2 278
1930 2 148 −5,7 %
1946 2 234 +4,0 %
1951 2 151 −3,7 %
1961 1 946 −9,5 %
1971 1 800 −7,5 %
1981 1 788 −0,7 %
1991 1 722 −3,7 %
2001 1 558 −9,5 %
2010 1 502 −3,6 %
Kjelde:1.12.1920,[5] 1.12.1930,[6] 3.12.1946,[6] 1.1.1951[7]

Hyllestad sokn og prestegjeld

endre
 
Hyllestad kyrkje
Foto: Egil Husabø

Hyllestad er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti, og det var til 2004 eit prestegjeld. Prestetenesta i Hyllestad vert no leia av prosten i Sunnfjord prosti,[8] og prestegjeldet er nedlagt. Prestegjeldet vart danna i 1861 av sokna Hyllestad og Øn som vart overførte frå Askvoll prestegjeld og som vart overført frå Lavik prestegjeld.[9] Fram til 2001 var det tre sokn i Hyllestad prestegjeld, Bø sokn, Hyllestad sokn og Øn sokn, men då vart dei tre slegne saman til eitt felles Hyllestad sokn.[10] Det er tre kyrkjer i soknet; Bø kyrkje frå 1868 på ved Bøfjorden, Hyllestad kyrkje frå 1880 i Hyllestad ved Hyllestadfjorden og Øn kyrkje frå 1958 på Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre