Hyllestad kommune
Hyllestad er ein norsk kommune i Vestland fylke.
Hyllestad kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Hyllestad | ||
Areal | 258,90 km² | ||
- land | 247,89 km² | ||
- vatn | 11,01 km² | ||
Folketal | 1 268 (1. januar 2023) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Kjell Eide (Ap) | ||
Kommunenr. | 4637 | ||
![]() Hyllestad | |||
Wikimedia Commons: Hyllestad | |||
Nettstad: www.hyllestad.kommune.no | |||


Hyllestad ligg innom Solund kommune på nordsida av Sognefjorden.
Kjennemerke Endra
Hyllestad har den siste tida vorte kjent for kvernsteinproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. Kvernsteinsproduksjonen vert for tida granska av folk frå Universitetet i Bergen.
Lihesten, eit landemerke på vestlandskysten er det høgaste fjellet i kommunen
Næringsliv Endra
Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlag for størsteparten av sysselsetjinga i Hyllestad. Hjørnesteinsverksemda er båtverftet Havyard Leirvik.
Kommunesoge Endra
Hyllestad kommune vart skipa den 1. juli 1861 ved at Hyllestad og Øn sokn vart skilde ut frå Askvoll kommune og slegne saman med Bø sokn frå Lavik kommune.[1] Ved skipinga budde det 2475 personar i Hyllestad kommune.[2] I 1888 vart garden Krakken med 17 innbyggjarar overført frå Hyllestad kommune til Solund kommune.[3]
Folketalsutvikling Endra
Folketalsutvikling for Hyllestad kommune frå 1920:
1.12.1920[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[6] | 1.1.1961[6] | 1.1.1971[6] | 1.1.1981[6] | 1.1.1991[6] | 1.1.2001[6] | 1.1.2010[6] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2278 | 2148 | 2234 | 2151 | 1946 | 1800 | 1788 | 1722 | 1558 | 1502 |
Hyllestad sokn og prestegjeld Endra
Hyllestad er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti, og det var til 2004 eit prestegjeld. Prestetenesta i Hyllestad vert no leia av prosten i Sunnfjord prosti,[7] og prestegjeldet er nedlagt. Prestegjeldet vart danna i 1861 av sokna Hyllestad og Øn som vart overførte frå Askvoll prestegjeld og Bø som vart overført frå Lavik prestegjeld.[8] Fram til 2001 var det tre sokn i Hyllestad prestegjeld, Bø sokn, Hyllestad sokn og Øn sokn, men då vart dei tre slegne saman til eitt felles Hyllestad sokn.[9] Det er tre kyrkjer i soknet; Bø kyrkje frå 1868 på Bø ved Bøfjorden, Hyllestad kyrkje frå 1880 i Hyllestad ved Hyllestadfjorden og Øn kyrkje frå 1958 på Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden.
Kjelder Endra
- Hyllestad i NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon
- Kvernsteingsbygda, NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon
Referansar Endra
- ↑ «Kommunehistoria i Hyllestad» på nettstaden til NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- ↑ Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53
- ↑ Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Hyllestad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ «Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Øn kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff Endra
- Hyllestad kommuneDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.