62°7′19.880″N 7°10′46.434″E / 62.12218889°N 7.17956500°E / 62.12218889; 7.17956500

Ørnevegen sett frå Dalsnibba (Geiranger sentrum nedst på biletet)

Ørnevegen er eit vegstykke som ligg på fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger. Vegen består av 9 hårnålssvingar som strekkjer seg frå Geirangerfjorden ved Grande til fjellovergangen ved Korsmyra.

Liten del av Ørnevegen til venstre i biletet

Ørnevegen er del av nasjonal turistveg frå Geiranger til Åndalsnes, og har difor dei siste åra blitt opprusta, særleg ved utsiktspunktet Ørnesvingen. Vegen var del av det tidlegare reiselivsproduktet The Golden Route. Vegen opna i 1956 og trafikken til Geiranger gjekk før den tid med båt eller ferje frå Valldal og Eidsdal. Etter opninga av Ørnevegen er det samanhengande køyreveg mellom Åndalsnes og Grotli berre med ei kort fergestrekning mellom Linge og Eidsdal.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ørnevegen