The Golden Route (gullruta) er eit tidlegare reiselivsprodukt. Det bestod av turistattraksjonar på Nordvestlandet, etablert i 1992, med støtte av blant anna Møre og Romsdal fylkeskommune og dei kommunane det gjaldt direkte; Stranda kommune, Norddal kommune og Rauma.

Heile ruta gjekk slik: endre

Meir om The Golden Route endre

I 2002 vart delar av verksemda omorganisert og vidareført i Geirangerfjord A/S. Rauma har gått ut av samarbeidet, og namnet The Golden Route blir ikkje lenger brukt aktivt i marknadsføring. I 2004 vart ruta Geiranger–Trollstigen erklært som Nasjonal turistveg.

Nærliggande reisemål som har drege nytte av konseptet, men ikkje var ein del av The Golden Route, er blant anna Atlanterhavsvegen, og byane Molde, Kristiansund og Ålesund.

Namnet «Golden Route» blir også brukt internasjonalt om reiseruta AfghanistanPakistanIran som blir brukt til smugling av opium. Kina, Japan og ei rekkje land elles, har også sine Golden Route «salskonsept» som inkluderer besøk av kjende byar og minnesmerke.