Opna hovudmenyen

Ørstafjorden

fjord i Ørsta i Møre og Romsdal i Noreg
Ørstafjorden sett utover

Ørstafjorden er ein fjordarm av Vartdalsfjorden i Ørsta kommuneSunnmøre. Han har ei lengd på 10 km og strekkjer seg frå Raudøya og inn til fjordbotnen ved Ose.

Fjorden er opptil to km brei og den største djupna er 172 m. Ørstafjorden er ein terskelfjord, mellom Lianeset på nordsida og Sørheim på sørsida går ein bergrygg . Dette, samanhalde med relativ stor tilførsle av ferskvatn, gjer at indre delar av fjorden frys til i kuldebolkar.

Liadalen ligg like innanfor innløpet på austsida. Sjølve tettstaden Ørsta ligg inst i fjorden. E39 går frå Ørsta og langs nordsida av fjorden.