Raudøya i Ørsta

Raudøya er ei øy og ein matrikkelgard i Ørsta kommuneSunnmøre. Ho har eit eit flatemål på om lag 394 daa, dvs. litt mindre enn 0,4 kvadratkilometer.

Raudøya
Raudøya med Raudøyholmen. Yksnøya i Volda bak til venstre. Gurskøya heilt bak
Raudøya med Raudøyholmen. Yksnøya i Volda bak til venstre. Gurskøya heilt bak
Geografi
Stad Ørsta kommune
Koordinatar 62°14′10,9″N 05°57′57,8″E / 62.23333°N 5.95000°E / 62.23333; 5.95000

Areal 0,4 km²

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Øya er relativt lang og smal, om lag 1,7 km lang og om lag 370 m brei på det breiaste, og nesten delt på midten, der den er berre ca. 50 m på det smalaste. Dei to delane av øya er om lag like store i areal.

Nord for Raudøya ligg den ca. 31 daa store Raudøyholmen, og den vesle holmen Blæja på ca. 2 daa.

Raudøya ligg midt i utlaupet av Ørstafjorden, rett sør og vest for Liadalsbygda på den eine sida av fjorden og rett nord for Steinnes på den andre sida. Avstanden til Liadalsbygda er ca. 700 m på det kortaste, og om lag 600 m over til Steinnes på den andre sida. Nordaustover frå øya ligg Vartdalsfjorden, som sørvest for øya går over i utlaupet til Voldsfjorden og held fram som Rovdefjorden.

Heile Raudøya er freda, som Raudøya landskapsvernområde og Raudøya naturreservat. Grunnlaget for fredinga er mellom anna den store førekomsten av kristtorn på øya. Det er òg særs mange fornminne på øya, mellom andre Kjemperøysa (sjå kjelder) der truleg holmgangsmannen Ljot den bleike vart gravlagt.

Raudøya er gardsnummer 64 i Ørsta. Her har vore 3 bruk på øya, men ingen av dei er i drift no, og øya har ingen fast busette. Det har også budd folk på Raudøyholmen.

Utsikt til Raudøya sett frå Liadalsnipa i Ørsta

Namn endre

Namnet er eit vanleg øynamn, og siktar truleg til ein raudaktig bergart.[1]

Kjelder endre

  • Bjørn Jonson Dale: Ørstingar II Ættebok for Ørsta 1900-1998, Ørsta 1999 ISBN 82-91790-02-7, side 813-814.
  • Raudøya i Ørsta i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Fotnoteliste endre

  1. «Raudøya» i Norske Gaardnavne (O.Rygh)