Østersstuing er ei stuing ein lagar med østers. Retten er utbreidd i USA og i Gambia.

Østersstuing frå The Oyster Bar ved Grand Central Terminal i New York.

I mattradisjonen til New England er østersstuing ofte knytt til feiringa av thanksgiving.[1] I Sørstatane lagar ein ofte retten til julaftan.[2]

Den typiske sørstatsstuinga blir laga med mjølk og fløyte.[3] Ho blir ofte servert med ein type kjeks kalla oyster crackers, som kan ha fått dette namnet gjennom tilknytinga til stuinga.[4]

Østersstuing er også ein populær rett i gambisk matlaging. I Gambia veks østers på mangroverøter.[5]

Kjelder

endre
  1. Lawrence, Marie W. (2011). The Farmer's Cookbook: A Back to Basics Guide to Making Cheese, Curing Meat, Preserving Produce, Baking Bread, Fermenting, and More. Skyhorse Publishing. s. 334. ISBN 9781616083809. Henta 20 November 2016. 
  2. Bussemer, Dorothy L. (2009). «Oyster Stew with Mother». I Szymanski, Helen. Christmas Traditions: True Stories that Celebrate the Spirit of the Season. Adams Media. s. 111. ISBN 9781440513497. Henta 20 November 2016. [daud lenkje]
  3. Neal, Bill (2009). Bill Neal's Southern Cooking. University of North Carolina Press. s. 14. ISBN 9780807889589. Henta 20 November 2016. 
  4. Gallary, Christine. «What Are Oyster Crackers (And How Did They Get Their Name)?». The Kitchn. Henta 20 November 2016. 
  5. Sweeney, Philip (1993). The Gambia and Senegal. Insight Guides. APA. s. 107. OCLC 441021492. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Østersstuing