Gambisk mat høyrer til vestafrikansk mattradisjon og omfattar kulinariske skikkar og matvarer frå Gambia. Vanlege råvarer her er fersk, tørka eller røykt fisk, ris, peanøtt, tomat, svartaugebønner, sitron, maniok, kål, salt, pepar, lauk, chili og ulike urter. Østers er også ei utbreidd matvare frå Gambiaelva.[1]

Tørka fisk på marknaden i Serekunda
Kverning av peanøtter til puré.

Rettar endre

Smårettar endre

  • Afra er ein utbreidd gaterett laga av grilla kjøtkuber som er smaksette med salt, svart pepar, cayennepepar og buljongterningar.[2]
  • Akara er frityrsteikte kaker laga av malne svartaugebønner smaksette med salt, pepar og lauk. Ein et dei gjerne til frukost i lag med tapalapa.[2]
  • Tapalapa er eit brød med form som ein bagett, men ein tettare tekstur. Ein bruker mjøl av kveite, hirse og eventuelt maismjøl og svartaugebønner, i tillegg til vatn, salt og gjær.[3] Brødet blir bakt i ein særskild tapalapaomn.[2]

Middagsrettar endre

  • Benachin (been cin, 'ei gryte') er ein risrett som blir laga i ei enkelt gryte, noko som har gjeve retten namnet sitt. Ein kan ha i ulike ingrediensar som fisk eller kjøt og smaka til med urter, sitronsaft, basilikum, persille, lauk, chili, og grønsker som aubergine, tomat, graskar, gulrot og kål. Ein bruker gjerne planteolje og vatn til retten, og kan også bruka tomatpuré til å gje han farge.[1]
  • Caldo er ein dampa heil fisk med sitronsmak, ein variant av yassa.[1]
  • Domoda eller mafé er ein mandinkarett laga med konsentrert peanøttpuré, kjøt eller fisk tilsett salt, lauk, tomat, potet, gulrot, kål, tomatpuré, sitronsaft og kraft med kvit ris eller couscous. Domo tyder 'eting' og da er eit ord for ei gryte.[1]
  • Cherreh eller chere er ein rett av dampa hirse som ein kan ulike sausar til,[4] til dømes okra, spinat og kjøt.[5]
  • Chew i kong er ei fiskestuing med malle, laga med palmeolje og servert med ris til.[4]
  • Chew i yappa er ei stuing som typisk blir laga med storfe, men ein kan også bruka fisk. Også denne blir servert med ris.[4]
  • Fufu er bollar laga av mjøl frå kokebanan, jams, potet eller maniok. Det kan serverast i lage med ulike rettar, som okrasuppe.[4]
  • Mbahal eller nyankatang er ein rett laga med røykt og salta fisk og peanøtter, johannesbrødtre eller svartaugebønner, vårlauk, fersk chili, kvit ris og Solanum aethiopicum eller jattoo[1]
  • Nyambeh nyebbeh, ein maniok- og bønnerett laga med olje, lauk, chili, kraft, salt og pepar og steikt Lutjanidae-fisk[1]
  • Peppersoup, ei krydra fiskegryte
  • Yassa er ein rett laga med ein heil kylling eller fisk og salt, pepar, lauk, nellik, kvitlauk, sennep, chilisaus, limesaft, ris og vatn (om ein bruker kylling)[1]
  • Fiskebollar laga av malen bonga (Ethmalosa), lauk, tomat, brødsmular, persille, svart pepar, olje, kraft, tomatpuré, chili og kvit ris.[1]
  • Supakanja eller superkanja er ei okrastuing eller -suppe laga med palmeolje som også kan innehalda røykt fisk og storfekjøt, og serverast med ris eller fufu.[4]
  • Østersstuing eller sauci yohus, ei stuing av østers (eller muslingar) med grønsaker som paprika, tomat og lauk og og smakssetjarar som chili, ingefær, kvitlauk, laurbærblad og andre urter.[6][7]

Dessertar endre

  • Lah eller lakh er ein søt grøt laga av baobabfrukt, hirse og peanøttsmør
  • Thiakry, ein søt rett laga av couscous (av kveite eller hirse), mjølk (eller søt kondensert mjølk eller jogurt) og krydder. Ein kan også ha frisk eller tørka frukt i.[2]

Drikke

  • Wonjo, leskedrikk laga av tørka hibiskusblomar[2]
  • Baobabjus[2]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Dishes[daud lenkje] Gambian cuisine Visit Gambia
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Tastes of the Gambia», pan-African (på engelsk), 26. februar 2021, henta 19. februar 2023 
  3. «Tapalapa | Traditional Bread From The Gambia | TasteAtlas», www.tasteatlas.com, henta 19. februar 2023 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Gambia Food Definitions & Explanations», www.accessgambia.com, henta 19. februar 2023 
  5. «Cherreh | A Gambian dish», www.accessgambia.com, henta 19. februar 2023 
  6. Oyster Stew - sauce si yohus (på engelsk), henta 19. februar 2023 
  7. Sauci Yohoss | Mussels Meat In Tomato Sauce| Gambian Food (på engelsk), henta 19. februar 2023 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gambisk mat